Kommunevalet og flyktningane
Miljøpartiet Dei Grøne Os har tidlegare teke til orde for at Os kommune skal ta i mot fleire flyktningar. Vi må både som osingar, nordmenn, europearar og verdsborgarar gjera meir for flyktningar, skriv partiet.
LESARBREV: Bileta og skildringane som møter oss i media bør overtyda dei fleste om dét. Flyktningeproblematikken er ei av dei viktigaste sakene i dette kommunevalet.
Her i Os reiste ein samla opposisjon pluss Os Høyre og oss i MDG seg mot ordførar Terje Søviknes og Os Frp sitt kyniske utspel om folkerøysting om kor vidt vi skal hjelpa eller ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heldigvis lukkast vi i å stoppe det forslaget. Men Os kommune nølar likevel med å ta imot iMDI sitt tilrådde antal flyktningar, trass i at langt mindre og fattigare kommunar gjer nettopp det.
Takk til Jakob Enerhaug og Os KrF, Olav Kvinge, May Brit Harringstad Mjøs og Os H, Jon Sivert Rykkel og Os V, Helge Steinum og Os Ap og for å stå opp mot ordføraren for flyktningane, og syna at vi osingar vil bidra til denne dugnaden. Takk til Os SV, TvS og Os Sp som gav si uavkorta støtte, og takk til alle dei osingane som er aktive på sosiale medier, i lesarbrev, som møter oss på stand, som engasjerer seg for å bidra. Som viser medmenneskelegheit og vilje til å hjelpa. Som står på mot hatet, egosismen og framandfrykta, kommentarfeltondskapen og apatien. Vi som bur her på berget er ikkje så kalde som mange meiner!
Vi må saman utfordra ordføraren på å auka talet. Han er kjend for si handlekraft og si ja-haldning. No er det på tide at han viser dette der det trengst aller mest!
Den siste tida har det vekse fram eit fantastisk initiativ på Facebook, REFUGEES WELCOME TO NORWAY. Medan vi politikarar har vore opptekne med å laga løpesetlar og krangla, har denne gruppa som på rekordtid har vakse til over 80.000 medlemmer og sett i gang ei rekkje praktiske initiativ, for å syta for mat, klær, leikar og mange andre former for hjelp til flykningar som alt har kome til Noreg. Så fantastisk!
Vi er audmjuke over å få
representere desse menneska i demokratiet. Vi som bur i Os må og skal bry oss om omverda. Det kan vi gjera i stemmelokalet på måndag. Ein kan óg ta initiativ til å tilby ledige husvære til flyktningar. I Samnanger har administrasjonen teke initiativ til å be innbyggjarane om det. Tenk, så flott! Har du ledig husvære, så kontakt kommunen.
Sjekk elles ut facebookgruppa til Refugees Welcome to Norway for tips, råd, praktiske og
konkrete måtar å hjelpa på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nils-Anders
Nøttseter,
og resten av Miljøpartiet Dei Grøne Os