Lensmann: Os lensmannkontor vil gjerne snakka med deg.

Ber publikum om hjelp etter branntilløp nær Skeisbotnen barnehage

Såg du nokon nær Skeisbotnen laurdag kveld før klokka 23? Då vil politiet snakka med deg.

Laurdag kveld rundt klokka 23 fekk politiet melding om eit branntillaup på eit bord nær Skeisbotnen barnehage på Nore Neset.

Det var ikkje opne flammar, men glør som ulma og såg påsett ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi treng tips dersom publikum har sett nokon i området eller observert mistenkjeleg åtferd før klokka 23 laurdag kveld, seier politioverbetjent Christine Grindstein ved Os lensmannskontor.