(Arkiv
(Arkiv

Ei helg med fokus på promillekøyring

Politiet har i helga hatt fokus på førebygging og promillekøyring.

I helga har politiet hatt tre kontrollar på nattestid, i tillegg til ein på morgonkvisten i går. I løpet av helga vart 15 biler kontrollerte på Lyseklsotervegen og 30 biler på Byvegen, utan at politiet fann noko å reagera på.

- Me har også hatt kontroll på Hatvikvegen og i Lepsøy. Heller ikkje der fann me noko å reagera på, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvifor har de hatt så mange kontrollar i helga?

- Det har vore roleg på andre frontar, slik at me har kunna fokusera på førebygging, seie Hadler-Olsen.