Det kreative kunstnarparet Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland inviterer Os-publikumet til sitt nyskrivne verk "SUB - Undersjøiske undringer fra Bjørnefjorden".
Det kreative kunstnarparet Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland inviterer Os-publikumet til sitt nyskrivne verk "SUB - Undersjøiske undringer fra Bjørnefjorden".

Ny premiere på Studio E39

Kva skjer under havoverflata? Svaret får du torsdag 1. oktober når Studio E39s nyaste produksjon «SUB - Undersjøiske undringar fra Bjørnafjorden», har premiere.

Det er komponist Glenn Erik Haugland og musikar og scenekunstnar Heidi Tronsmo som har skrive «SUB - Undersjøiske undringar fra Bjørnafjorden».

SUB er ein times musikkteatralsk reise i kammerformat. Ei konsertframsyning som dykkar ned i det underbevisste og slår eit slag for pausane i kvardagen. Framsyninga viser både det som skjer under vassoverflata og det som skjer i det underbevisste. Kva veit vi eigentleg utifrå det vi ser? Kva skjuler seg under overflata? Kva stirrar eigentleg hegra på, time etter time nede ved vatnet?

Artikkelen held fram under annonsen.

Flytande appelsiner

I SUB møter du for eksempel flytande appelsiner i Bjørnafjorden, spekkhoggarar, pestdoktorens maske frå Venezia, syriske klarinettar og rykande fersk musikk.

Haugland og Tronsmo har arbeidd med framsyninga i meir enn to år, og gler seg naturlegvis veldig til å visa den fram for publikum i sitt heimlege Studio E39.

Studio E39 er scena paret har innreia på sitt nedlagde småbruk på Haugland, rett ved E39.

- Vi ynsker å kombinera visning og framføring med det sosiale, og har difor fått skjenkebevilling så vi kan slå av ein prat med folk utover kvelden, seier dei.

Eksklusivt

Os-publikumet er dei fyrste som får sjå SUB. Studio E39 er nemleg ein utklekkingsanstalt for produksjonar som sidan vert vist i resten av Noreg. Etter altså fyrst å ha blitt presentert for publikum på heimebane.

SUB er einOpera Omnia-produksjon. Dei stod også bak Havfest, opningsframsyninga på Oseana, og nesten 40 andre musikksceniske produksjonar.

Neste år fyller Opera Omni 25 år.