Kan bli folkerøysting om kommunesamanslåing
I kommunestyret i kveld vart det reint fleirtal for å utgreia føresetnadene for ei folkerøysting om kommunesamanslåing.
Assisterande rådmann Paul Manger gav innleiingsvis ei oppsummering av korleis nabokommunane våre ser på samanslåing. Kort oppsummert har nabokommunane våre ei haldning om at kommunar rundt Bjørnefjords-regionen kan vera aktuelle å slå seg saman med, men hausten og vinteren må brukast på å undersøkja det vidare. Unntaket er Austevoll der dei meiner dei har det godt åleine. Tysnes kommune er positive, men påpeiker at grensene for politidistriktet ikkje må gå på tvers av grensene for ein eventuell storkommune.
- Reformane må sjåast litt i samanheng, kommenterte Manger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Siren Tømmerbakke (Sp) er grunnleggjande skeptisk til kommunesamanslåing, og kom med eit sleivspark til regjeringa før ho introduserte spørsmålet om ei folkerøysting.
- Me har ei regjering som trur at alt som er større automatisk blir betre og meir lønsamt. Eg meiner at me manglar eit faktagrunnlag på korleis samanslåing av kommunar vil gje betre tenester, sa Tømmerbakke.
Ho erklærte seg samd med dei 60 prosent av osingane som har sagt at dei ikkje ønskjer at Os kommune slår seg saman med nokon. LIkevel var ho klar over at ein kan hamna i ein situasjon der ein blir tvungen til å slå seg saman.
- Difor må me undersøkja kva alternativ me har. Og våren 2016 meiner eg at me må leggja heile dette spørsmålet fram for osingane. Dersom det finst noko sak som krev ei folkerøysting, må det vera denne saka, sa Tømmerbakke.
Betinga støtte
Tømmerbakke fekk betinga støtte frå Frp og Høgre, medan Arbeidarpartiet var noko avmålt.
- Me er nok ikkje like glade i folkerøystingar som Frp er. Eg meiner det vert feil å seia at me skal ha ei folkerøysting no, når me ikkje veit nøyaktig kva spørsmål som skal stillast, og heller ikkje kor bindande folkerøystinga vil vera for oss som politikarar, sa Skorpen.
Han var likevel einig i prinsippet om at folket bør få seia si meining, og signaliserte at han kunne støtta forslaget dersom det vart sendt som eit oversendingsforslag, der administrasjonen gjer eit førearbeid som politikarane deretter kan røysta over.
Marie Bruarøy (H) verka positivt innstilt til forslaget, men ønskte også eit grundigare førearbeid. Etter eit gruppearbeid foreslo ho at det vert sendt over til arbeidsgruppa for vidare utgreiing. Dette alternativet vart samrøystes vedteke.