Eilèn Gravdal omgitt av bamsane som snart flyg til Etiopia.
Eilèn Gravdal omgitt av bamsane som snart flyg til Etiopia.

Tek Teddyekspressen til Etiopia

Teddyekspressen på Fusa Ungdomsskule pimpar brukte bamsar og sender dei til brannskadde born i Addis Abbeba.

Niandeklassingen Eilèn Gravdal er ein tredjedel av TeddyExpressen. Ho har valt å bruka valfaget «innsats for andre» til å samla inn brukte bamsar, reparera og pynta dei, for så å senda dei til eit sjukehus for brannskadde born i Etiopias hovudstad, Addis Abbeba.

– Då vi starta, tok eg med ein søppelsekk med bamsar inn på skulebussen frå Samnøy, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt er om lag 100 bamsar samla inn. Eilèn og kollegaene Eira Skulesdatter Dreyer og Andrea Odland Bolstad tek godt vare på dei små skattane.

– Nokre treng ein vask. Andre nokre sting i saumen. Og så ber vi gjevarane leggja ved ti kroner slik at vi kan gje bamsane ei fin sløyfe kring halsen.

Bamseboks

I tillegg til oppslag på ungdomsskulen, har Teddyekspressen sett ut ei kasse utanfor inngangen til biblioteket i kommunebygget.

Reklame må til!
Reklame må til!

Så langt har ikkje medelevane vore spesielt ivrige på å gi bort sine gamle bamsar.

– Nei, dei fleste har vi bidrege med sjølv, eller fått i kassa ved biblioteket, seier Eilèn.

Ho kan fortelja at dei fleste bamsane er i godt stand.

– Vi har fått masse fine bamsar. Eg håpar dei vil gleda born som kanskje ikkje har så mange leikar.

I februar går fyrste sending frå Fusa til Etiopia. Dei om lag 100 bamsane får bli med i kofferten til ein kjenning som skal nedover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan blir enno ein ladning sendt av garde, før den tredje sekken reiser sydover til hausten.

– Vi har eigentleg avslutta innsamlinga, men om fleire har lyst til å bidra, så må vi jo berre ta imot, seier Eilèn.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no