Snart fullendt gangveg rundt Skeie
I desse dagar er Os kommune i gang med å laga den etterlengta gangvegbiten mellom Lidl-krysset og Irgenskrysset.
I samband med reisinga av det store lagerbygget til Lidl i 2006 vart Ulvenvegen kraftig opprusta. I samband med dette kom det gang- og sykkelsti frå Ulvenkrysset og fram til avkøyringa til Lidl-bygget i Ådnadalen. Det vesle stykket vidare fram til Irgens-krysset vart det aldri gjort noko med. No vert det ei endring på det.
- Det er mange som har etterspurt gang- og sykkelsti vidare langs dette 800-900-meter lange vegstykket. Difor er me veldig glade for at me no endeleg får høve til å etterkoma dette ønsket, seier prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
To floger i ein smekk
Os og Fusaposten har ei rekkje gonger skrive om det manglande gangsti-partiet på Ulvenflata. Kommunen har forklart utsetjinga med at arbeidet ville bli omfattande og kostbart. No har dei fått høve til å slå to floger i ein smekk, og på den måten spara litt pengar.
- I samband med legging av nytt vass- og avløpsrør på strekket, nyttar me no høvet til å byggja denne gang- og sykkelstien. Dersom alt går som me håpar, vert me ferdige med arbeidet innan nyttår, seier Døsen.
Det er Os kommune si avdeling for VVA (veg, vatn og avløp) som tek seg av arbeidet.
- Me har også eit håp om at sjølve vegbiten på denne strekninga vert oppgradert. Vegen har sige ein del, spesielt ved Hodneland Bygginnredning sine lokale, men dette er Statens Vegvesen sitt ansvar, så det er ikkje noko me kan gjera noko direkte med, seier Døsen.
Full Ulvenmarsj
Når den nær kilometer-lange gangvegbiten er ferdig utpå nyåret, vert det tryggare for dei mjuke trafikantane som ferdast langs denne strekninga til dagen. I tillegg legg det til rette for betre turmoglegheiter for osingane generelt.
- Det å kunna gå trygt heile vegen rundt Skeie, vil gjera det langt meir innbydande for folk å ta den litt lange "Ulvenmarsjen"-runden om ettermiddagane og helgane, enten til fots eller på sykkel. Tryggare ferdsle vert det uansett kva ein vel, avsluttar Døsen.