Promillekøyring, ulovlege teiner og brannetterforsking
Medan politiet i Os melder om ei stille og roleg natt, har politiet i Fusa hatt litt av kvart å ta tak i dei siste dagane.
I halv tre-tida onsdag fekk politiet i Fusa tips om ein mogleg promillekøyrar. Føraren vart stogga i Eikelandsosen og kontrollert.
- Førar av bilen blåste til 0,35 i promille, opplyser Fusa lensmannskontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til promillekøyring vert vedkomande meldt for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort.
Skal avhøra vitne
Politiet veit førebels lite om årsaka til brannen på Fusa Camping torsdag.
- Vi held på å etterforska saka og forventar å avhøra dei fleste vitna i løpet av dagen. Målet er å finna årsaka til brannen så fort som mogleg, opplyser lensmannskontoret.
Torsdag starta årets hummarsesong, og i samband med det var Statens naturoppsyn, i samarbeid med politiet i Fusa, på sjøen i Fusa-området.
- Ulovlege teiner og fiskereiskapar vart kverrsette, fortel politiet.