Siv Stadaas og Eikhaugen Gjestegard er viden kjent for sine store og smakfulle skillingsbollar. No har garden fått avtale om å levera bollar til den nye butikken/kafeen på Fløien.
Siv Stadaas og Eikhaugen Gjestegard er viden kjent for sine store og smakfulle skillingsbollar. No har garden fått avtale om å levera bollar til den nye butikken/kafeen på Fløien.

Bollefin avtale med Fløistuen

Eikhaugen Gjestegard har fått avtale om å levera skillingsbollar til den nye butikken på Fløien.

Dei har lenge vore kjent for sine gode gardsmarknad-produkt på Eikhaugen Gjestegard i Fusa. Inntil no har produkta utelukkande vore å finna på garden på Vinnes, men frå og med måndag 1. februar vert gardens populære skillingsbollar, samt 30 andre gardsmatprodukt tilgjengeleg på litt over 300 meters høgde like over Bergen by.

- Me har vore representerte på Bergen Matfestival og på ein del marknadar. Men me har aldri levert fast til andre utsalssplassar. Dette blir spennande, seier dagleg leiar ved Eikhaugen Gjestegard, Siv Stadaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei ære

Onsdag føremiddag var Siv Stadaas i Bergen for å signera avtalen med Fløistuen. Den driftige daglege leiaren frå Vinnes var både glad og stolt etter at avtalen var i boks.

- Dette er stort for oss på Eikhaugen Gjestegard. Tenk at våre produkt no vert tilbydd frå Bergens mest besøkte turistplass. Det er ei ære, seier Stadaas.

Avtalen signerte ho med administrerande direktør i Fløibanen AS, Anita Nybø. Ho er også sjef for den komande Fløistuen, butikken/kafeen der Eikhaugen Gjestegard sine produkt skal bli seld.

Evy Finne, Anne Christine Olsen, Guro Østhus, Anita Nybø og Siv Stadaas. (Privat foto)
Evy Finne, Anne Christine Olsen, Guro Østhus, Anita Nybø og Siv Stadaas. (Privat foto)
Eikhaugen Gjestegard lager skillingsboller på ekte bergensk vis og har tidlegare falt godt i smak hos bergensarane under Bergen Matfestival.
Eikhaugen Gjestegard lager skillingsboller på ekte bergensk vis og har tidlegare falt godt i smak hos bergensarane under Bergen Matfestival.

- Potensialet for sal er vanvittig. Ifølgje Anita var det kring 1,6 millionar påstigingar på Fløibanen i 2015. I tillegg kjem alle som tek seg til toppen til fots, seier Stadaas.

2.000 bollar i veka

Frå og med opninga i februar vil Stadaas & co levera 2.000 bollar i veka.

- Det er mykje. Så mykje at eg nett har tilsett ein ny kjøkenarbeidar for at me skal klara å baka raskt nok, fortel Stadaas.

Skillingsbollane skal bakast ferdig på Vinnes før dei leverer dei halvstekte til Fløistuen, som steikar dei i eige omn.

- Me skal levera to gonger i veka. Fløyen har to store omnar, så det kjem til å lukta bollar over heile området, seier Stadaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er sikker på at bergensarane og turistane ikkje vert skuffa.

- Skillingsbollar er jo eigentleg eit bergensfenomen. Me lagar dei nett slik bergensarane vil ha dei - store og fyldige. Ikkje som slike små kanelsnurrar som austlendingane er van med, humrar Stadaas.

Lokale produkt

Siv Stadaas og Anita Nybø har kjent kvarandre i lang tid. Då ho var i gang med å finna lokale leverandørar til butikken/kafeen på Fløien, tenkte ho umiddelbart på Siv Stadaas.

- Eg har så respekt for den dama der. Ho er svært så driftig og leverer knallgode produkt. Eg er så glad for at me har fått til eit samarbeid med ho og Eikhaugen Gjestegard, seier Anita Nybø.

Ho er oppteken av at dei skal tilby enkle, lokale produkt av god kvalitet.

- Frå og med 1. mai skal me også opna ei ny varmestove her oppe. Då vert det meir plass og høve til å eta innandørs, men elles reknar me med at folk tek matbiten med seg i farten. Då er det kjekt å kunna tilby enkle matprodukt, som til dømes skillingsbollane til Siv.