Den venstre skoen til Reidar Osen. Politiet bed no om hjelp til å finna den høgre skoen i Søfteland/Kaland-området.
Den venstre skoen til Reidar Osen. Politiet bed no om hjelp til å finna den høgre skoen i Søfteland/Kaland-området.

Ynskjer tips frå Søfteland i Osen-saka

Politiet bed folk på Søfteland om å sjå etter mobiltelefonen og skoen til Reidar Osen, som vart brutalt bortførd onsdag i sist veke.

Det var sist onsdag kveld at eigaren av Galleri Nygaten vart brutalt overfalt og bortførd i sin eigen bil.

Politiet i Bergen meiner at bilen Reidar Osen vart bortførd i, stansa i området Kaland/Søfteland. Dei bed no om tips frå folk i dette området.

Artikkelen held fram under annonsen.

BT skriv at kidnapparane hadde gjort klar ei grav til 67-åringen på denne staden.

Reidar Osen sin mobil skal ha blitt knust då han vart bortførd, og han mista sin høgre sko. Den venstre skoen har politiet teke beslag i. Skoen vart truleg borte på same stad som Reidar Osen vart lagt i ei grav. Skoen er av merke MBT. Politiet bed om at tips vert ringt inn til 02800 eller 55556300.