Startar avhøyr over helga
Dei fire ungdomane som sat i bilen som gjekk rundt i nærleiken av Liafjellstunnelen på Moberg i går kveld, vart alle lettare skadd. Politiet startar avhøyr av dei fire over helga.
Alle som sat i bilen var kome seg ut då naudetatane kom til staden. Ungdomane vart sendt til Haukeland universitetssjukehus for sjekk.
- Eg har ikkje oversikt over tilstanden deira på noverande tidspunkt, men det vart sagt at dei var lettare skadd, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til Os og Fusaposten fredag morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
På grunn av personskade vert det automatisk oppretta ei sak i samband med ulukka. Politiet ser føre seg å starta avhøyra av dei involverte i neste veke.
- Dei skal få ro rundt seg i helga, seier Hadler-Olsen og legg til:
- Førarkortet til bilføraren vart ikkje kverrsett. Det er heller ikkje mistanke om ruskøyring.
Førebels har politiet ingen formeining om kva som var årsaka til at bilen gjekk rundt fleire gongar.
- Først må vi få inn rapportane frå dei som var på skadestaden, samt snakka med dei involverte, seier Hadler-Olsen.
- Bildelar låg strødd
Brannvesenet si oppgåve på ulukkesstaden var først og fremst å sikra skadestaden.
- Vi gjer bilen straumlaus, undersøkjer om det ligg ting igjen i vraket som ikkje må vera der og sjekkar for bensinlekkasje og oljesøl, opplyser brannsjef Stein Gjøsund.
- Når området er frigjeve av politiet, ryddar vi. I samband med ulukka i går låg det bildelar strødd over eit større område, fortel brannsjefen.
Artikkelen held fram under annonsen.
På generelt grunnlag ønskjer brannsjefen å oppmoda bilførarar om at haustmørket byd på andre utfordringar enn det ein har vore vane med i sommarhalvåret.
- Det er ei mental omstilling for sjåførane, og eg trur det er viktig å minna folk om at ein må "sko seg etter forholda" når vegbanen er våt og det er mørkt ute. Ein treng heller ikkje reisa langt opp i høgfjella før ein finn snø på vegane, er beskjeden frå Gjøsund.