Få uhell på glatten
Politi og brannvesen har hatt ei relativ roleg helg trass i glatte vegar både i Os og Fusa.
- Me hadde bilen som kolliderte med ein stolpe på Hatvik fredag ettermiddag. Då var me ute og hjelpte til. Elles har me ikkje hatt oppdrag relatert til trafikk og glatte vegar, seier varasjef i Os brannvesen, Arne Monsen.
Vakthavande ved Os lensmannskontor kunne melda om ei relativt stille helg på alle måtar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me var ute og såg til ein bilist som hadde køyrd i autovernet på Ulvenvegen, like etter avkøyringa frå Industrivegen. Vedkomande kom uskadd frå hendinga og me hadde ingen grunn til å mistenkja promillekøyring, fortel vakten.
Elles gav dei eit forenkla førelegg til ein kvinneleg sjåfør som dei stoppa i Os sentrum klokka 03.15 i natt. Ho hadde rett og slett ikkje skrapa ruta godt nok, og hadde for dårleg sikt til å køyra forsvarleg.
Operasjonsleiar ved Hordaland Vest politidistrikt hadde ingen hendingar å melda om frå Fusa denne helga.
Kopla ut alarm
For varabrannsjef Monsun vart det eit par oppdrag natt til i dag.
- Me hadde ein automatisk alarm på Mobergslia bufellesskap som gav oss litt bal. Han løyste seg ut to gonger og me drog begge gongene opp med vaktlaget. Den siste gongen kopla me han rett og slett ut, seier Monsen.
Han trur alarmen vart utløyst grunna den sterke kulda.
- Me koplar han til igjen i dag, seier Monsen.
- Medan me har deg på trådeb, korleis går det med ismålinga?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, no har det jo vore stabilt gode tilhøve heile helga, men på måndag skal me ta nye målingar av dei vatna som me på fredag melde utrygge. Dette gjelder mellom anna Vindalsvatnet, Tveitavatnet og Lekvenvatnet, fortel Monsen.