Seier ja til garanti
Fusa formannskap er positiv til å stilla kommunal garanti for ASVO Fusa AS sitt lån på 4 millionar kroner.
Lånet skal brukast til å utbetra arbeidsforholda på arbeidsplassen til verksemda på Heiane næringsområde i Eikelandsosen, etter pålegg frå Arbeidstilsynet.
Like positiv er ikkje formannskapet til å auka driftstilskotet til verksemda med 250.000 kroner i året, det vil seia til 800.000 kroner i året, for å dekkja lånekostnadene.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette er ei krevjande sak. På den eine sida er det viktig å sikra arbeidsplassane hjå ASVO Fusa AS, på den andre sida betyr det større utgifter for Fusa kommune i ein alt pressa situasjon, påpeika varaordførar Magne Djuvik (FrP).
Viktig å sikra tilbodet
- Aksjane til ASVO Fusa AS kjem aldri til å verta ei gullkanta aksje, men verksemda er ein gullkanta stad for dei som arbeider der. Mi innstilling er at dette støttar me, sa Svein Lang (Sp) før medlemene av Fusa formannskap gjorde følgjande vedtak:
Fusa kommune er i ein pressa økonomisk situasjon. Det er difor vanskeleg å binda kommunen opp til eit varig auka driftsnivå. Det er viktig for kommunen å sikra tilbodet til dei som har sin arbeidsplass hjå ASVO Fusa AS. På bakgrunn av overnemnte vil Fusa kommune garantera for eit lån på 4 mill. kroner som omsøkt. Kommunen vil òg auka driftsstøtta til ASVO Fusa AS med 250.000 kroner i året i 2016 og 2017. Fusa kommune ber styret i ASVO Fusa AS om å setja i verk tiltak for å auka innteninga i verksemda. Den auka driftsstøtta skal dekkjast inn ved hjelp av næringsfondet.