Andreplass i Stavanger
Volleyball-laga til Søre Neset er så smått i gang med sesongen. Damelaget tok sist helg andreplass i Vest Cup i Stavanger.
To lag reiste til opningscupen i Stavanger sist helg. Herrane, som i fjor debuterte i 3. divisjon her heime, fekk ei tøff gruppe med motstandarar, men klarte seg bra. Etter å ha møtt ei rekkje lag frå 1. og 2. divisjon, enda dei på 15. plass.
Spelande trenar
Damenes førstelag rykkja i fjor opp til 2. divisjon, men i Stavanger kjempa dei mot lag frå 3. divisjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me mangla eit par spelarar og ønskte ein litt mjuk start på sesongen. Det trur eg var fornuftig. Me gjorde fleire gode kampar og enda til slutt som nummer to, etter å ha tapt for Kristiandsand Sandvolleyballklub i finalen, oppsummerer Ingrid Tombre.
Veteranen frå Fana er i år blitt spelande trenar for førstelaget.
- Det var eit ønske frå jentene om at eg skulle få litt meir ansvar.
Morten Asphaug vert frå no av assistenttrenar, og ansvarleg for andrelaget til damene, fortel Tombre, som har 20 års erfaring frå seniorvolleyball-spel med Gneist.
Ny oppkøyringshelg
Komande helg stiller Søre Neset med tre lag i opningscupen i Haukelandshallen i Bergen.
- Då stiller me for første gong i 2. divisjonsklassen. Det blir tøft, men det er viktig for oss å kjenna på nivået før serien startar.
Også damenes andrelag og herrelaget skal i aksjon i opningscupen.
I seriesamanheng startar det nyopprykkja damelaget sesongen med bortekamp mot Viking først laurag 22. oktober.
Artikkelen held fram under annonsen.
For herrelaget og damenes andrelag vert det denne sesongen fire seriehelgar i staden for enkeltståande kampar.