Ordførar Terje Søviknes og dagleg leiar i Hordaland Røde Kors, Lars Atle Skorpen, sjekka om ladestasjonen fungerte. Noko han gjorde.
Ordførar Terje Søviknes og dagleg leiar i Hordaland Røde Kors, Lars Atle Skorpen, sjekka om ladestasjonen fungerte. Noko han gjorde.

Nyvinning innan beredskap i Os

Os kommune overrekte i dag ein mobil beredskapsladar til Os Røde Kors. Den første i sitt slag i Noreg.

- Me hugsar godt då stormen Nina herja, og straumen forsvann. Når ein vert straumlaus, ryk mobilane og iPaden fyrst, før PC-en også går tom for straum, seier osing og dagleg leiar i Hordaland Røde Kors, Lars Atle Skorpen og held fram:

- Nokre stader var straumen vekke i fleire dagar. Den gongen var det kort avstand til nokon som hadde straum, men det kan ein ikkje vera sikker på at det alltid er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mål om ein stasjon i kvar krins

På Torget fredag føremiddag overrekte ordførar Terje Søviknes den første mobile ladestasjonen i Noreg til Os Røde Kors og Skorpen.

Dei to måtte sjølvsagt sjekka om aggregatet fungerte som det skulle.

- No fauk batterimålaren opp på grønt, smiler Skorpen.

Os kommune fekk ein raud benk i gåve frå Røde Kors. - Benken symboliserer verdien av det å snakka samane, seier Skorpen.
Os kommune fekk ein raud benk i gåve frå Røde Kors. - Benken symboliserer verdien av det å snakka samane, seier Skorpen.

- Det fungerer!

- No håpar me at me kan få til ein dugnadsinnsats, som osingane er så gode på, slik at me kan få slike ladestasjonar i kvar krins, seier Søviknes.

- Køen kan fort bli lang om ein berre har ein ladestasjon. Alle som har tenåringar i hus veit korleis dei blir når dei ikkje har tilgang på elektronikken sin. Køen ville nok vore komisk lang, for alle dei som ikkje stod i kø, seier Skorpen.

150-års-jubileum

Høvet for premieren var markeringa av 150-års-jubileet til Røde Kors. Ei stor mobil utstilling og ein aktivitetsarena er å finna på Torget i Os sentrum i dag. Os er eitt av over 90 stoppestader i Noreg. I går var dei i Bergen, og på laurdag skal dei til Odda.

Søviknes til at han håpar osingar vel å ta turen innom Røde Kors i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Røde Kors er ein viktig aktør både i frivillig sektor og som humanitær organisasjon. Eg håpar flest osingar nyttar høve til å melda seg inn, om ikkje som aktiv medlem, så i alle fall som passiv, seier Søviknes.

Røde Kors er ikkje berre viktig i ein krisesituasjon.

- Ta berre bryggedansen som eksempel. Røde Kors kjem til å ha eit team tilstades for å sørgja for at arrangementet går trygt og fint føre seg. Røde Kors er viktige også i kvardagen, seier Søviknes.

Gåve i retur

Til sist viste dei fram ein, ny raud benk som skal plasserast på Torget. Ei gåve frå Røde Kors til Os kommune.

- Desse raude benkane vert å sjå over heile landet etter kvart. Han symboliserer verdien av det å snakka saman med andre, og me håpar mange vil nytta høvet til å setja seg ned å snakka med både kjende og ukjende, seier Skorpen.