- Kan risikera at det skjer igjen
I år er vinterferien slegen saman med påskeferien og elevane i Os, Fusa, og andre kommunar i Midthordland, har fri to veker i strekk. Situasjonen er uvanleg, men det er ikkje umogleg at det skjer igjen.
Det seier Knut Vidar Garlid, rådgjevar i Oppvekst- og kultureininga i Os kommune.
- To veker vinter-/påskeferie er ikkje noko vi ønskjer oss i framtida, men vi kan risikera at det skjer igjen, påpeikar han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årsaka er nemleg at påskeferien startar tidleg i år. 20. mars er palmesundag. Dermed ville det berre ha vore to veker med skule mellom vinterferien, som vanlegvis finn stad i veke 9 eller 10, og påskeferien i veke 12.
- Os kommune følgjer til liks med dei andre kommunane i regionen skuleruta til Bergen kommune. Det har vi gjort i mange år, seier Garlid.
Han understrekar at kommunane har ein viss grad av sjølvstyre, men at det på grunn av vidaregåande opplæring, skyss, osv, er greitt å samarbeida om skuleruta i heile regionen.
- Men så vert det sjølvsagt litt vanskeleg når Bergen kommune gjer noko radikalt, slik som i fjor, seier Garlid og viser til den lange ferien i slutten av mars.
Ferieopen SFO
Fusa kommune følgjer også skuleruta til Bergen kommune.
- Mange har arbeidsstaden sin i andre kommunar enn der dei bur. Nokre har òg born på skule i ein annan kommune. Av den grunn kan det vera formålstenleg å samarbeida om skuleruta, meiner einingsleiar for undervising i Fusa kommune, Anne-Merete Mærli Hellebø.
Korkje Garlid eller Hellebø har blitt kontakta av foreldre som meiner den lange ferien lagar krøll i kvardagen.
- Vi har diskutert situasjonen litt internt. Nokre synest det er rart, og undrar seg over kvifor det har blitt slik. Men vi har ikkje fått reaksjonar utanfrå, seier Garlid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har forståing for at situasjonen kan vera utfordrande for enkelte. Eg opplever det sjølv også, men Fusa kommune har ferieopen SFO for 1. til 4. klasse på Fusa oppvekstsenter i vinterferien. Det kan vera god hjelp for familiar som synest det er vanskeleg å få kabalen til å gå opp, påpeikar Hellebø.
Os kommune har også ferieopen SFO i vinterferien.
Annleis i 2017
Til neste år ser kalenderen heilt annleis ut. Då er det vinterferie i veke 9, frå 27. februar til 3. mars, medan påskeferien først finn stad i veke 15, tre veker seinare enn i år, frå 10. til 17. april.
Skuleåret 2016/2017 startar 18. august. Haustferien er lagt til veke 41, frå 10. til 14. oktober, medan juleferien tek til 22. desember. Nøyaktig seks månader seinare, 22. juni, vert skuleåret avslutta.
Til liks med Garlid, ser ikkje Hellebø vekk i frå at løysinga med å slå saman vinter- og påskeferien, kan verta aktuell igjen.
- Men det er svært sjeldan at påsken er så tidleg som i år, understrekar einingsleiaren i Fusa kommune.