- Bør satsa på storskule i Fusa
Større fagmiljø, betre kompetanse og større økonomisk handlingsrom er alle gode argument for å redusera talet på skular i Fusa. Det meiner FAU og SU ved Eikelandsosen skule.
- For å sikra ein robust kvalitetsskule der elevar og lærarar kan utvikla seg, støttar vi forslag 3 (1 barneskule) i høyringsdokumentet.
Det skriv foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Eikelandsosen skule i samband med høyringa om ny skulestruktur i Fusa.
Artikkelen held fram under annonsen.
FAU meiner budsjettkutta dei siste åra, har endra skulekvardagen til elevane.
- Reine klassar vil gje meir effektiv undervising både for elevar og lærarar. Det vil dessutan verta enklare å sikra rett progresjon i undervisinga.
FAU argumenterer med at barneskulen bør liggja i Eikelandsosen for å oppretthalda og styrkja dagens sentrum. Utvalet peikar på at skulen har symjehall, flotte uteområde, fotballbanar, ballbinge, sandvolleyballbane og skatepark. Om kort tid kjem dessutan fleirbrukshallen på plass.
- Eikelandsosen er eit knutepunkt som mange foreldre køyrer til, eller forbi. Om elevane skal køyra buss til symjeundervisinga, går det utover skuletimane og tid til effektiv læring for elevane, heiter det i høyringsuttalen.
Ein relativt ny bygningsmasse, er eit anna argument, ifølgje FAU.
- Ved å leggja skulen til Eikelandsosen vil ein få den beste lokaliteten og den rimlegaste løysinga, skriv utvalet.
- God kvalitet for den einskilde
FAU får langt på veg støtte frå samarbeidsutvalet (SU) ved same skule. SU meiner at Fusa bør redusera talet på skular i kommunen.
- Dersom Fusa kommune ikkje kan gjera noko med dei økonomiske rammene, vil elevane få eit betre undervisingstilbod med ein fulldelt skule, skriv SU i sin høyringsuttale.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare skriv SU at skulane berre får dekt halvparten av kostnaden med elevane som har størst trong for spesialundervising.
- For å finansiera spesialundervisinga, må skulane bruka pengar som er berekna på andre oppgåver. I praksis tyder det at skulane ikkje har nok ressursar til å driva skulen forsvarleg i samsvar med lover og forskrifter.
SU konkluderer med at det har mista trua på at dei økonomiske rammene vert betre, og meiner difor at løysinga for Fusa er å slå saman skular.
- SU vil oppmoda politikarane om å sikra ei langsiktig og god løysing som gir god kvalitet for den einskilde elev, skriv utvalet.