Utdanning: Lite staking for den moderne røyrleggjar
Det er ikkje evna til å tola skitlukt og møkkaarbeid som blir trekt fram som nyttige eigenskapar for å bli ein god røyrleggjar. - Ein må vera praktisk anlagt, og lika å samarbeida i ein variert arbeidskvardag, seier gutane i Engevik VVS AS.
- Det er altså ikkje slik at alle rørleggjarar har røyrleggjar sprekk og jobbar nedi toaletta og i kloakken?
- He-he, nei. I dag er det eigne firma som tek seg av høgtrykkspylig av avløp som er gått tett, men for all del, vi er ikkje framand for å ta fram stakefjøro, seier Øystein Engevik og ler.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje noko problem å bli skitten under neglane, men vi gjer det sjeldnare enn før. Tidene endrar seg også for røyrleggjarar, seier Espen Engevik.
Har treft med valet
Øystein og Espen er far og son, og dei to driv firmaet Engevik VVS AS saman. For halvanna veke sidan fekk dei inn lærlingen Aleksander Rønnestad (19). Ein kan velja mellom to utdanningsløp for å bli røyrleggjar; anten VG1 og VG2 pluss to og eit halvt år i lære, eller VG1 pluss tre og eit halvt år i lære. Aleksander har valt sistnemnde, og er to år ut i læretida si, og trivst veldig godt.
- Kva er det som gjer at du ønskjer å bli røyrleggjar?
- Eg er berre interessert i yrket, utan at eg heilt veit kvifor. Men det ser ut til at eg har treft godt med valet, seier han.
Kvar dag er ulik den førre
Aleksander har ingen utprega hobbyar, men han liker å vera med vener og å vera sosial. Det er også ein fordel som røyrleggjar.
- Det er eit sosialt yrke. Vi treffer på mange ulike handtverkarar som vi samarbeider med. Det er også mykje dialog med kundane, seier Aleksander.
At han er praktisk anlagt er også eit stort pluss.
- Eg liker å bruke hendene, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, ein kan ikkje vera røyrleggjar med ti tommeltottar, seier Espen.
Røyrleggjarane vil trekkja fram den varierte arbeidskvardagen som eit stort pluss.
- Kvar dag er ulik, om ein ikkje går på store prosjekt. Ein kan også ha fleire prosjekt på ein dag, og treffa mykje folk. Det er rett og slett kjekt, seier Espen og legg til:
- Du får eit forhold til kundane. Å levera eit godt stykke arbeid og få gode tilbakemeldingar er noko som er viktig for oss, og ikkje minst gjer det at vi også får jobbar i framtida.
Noregs yngste røyrleggjarmeister
Øystein, som starta firmaet, starta i lære då han flytta frå Sævareid til Os i 1978. Sidan har han jobba som rørleggjar. Det gjorde at Espen var "dømd" til å bli røyrleggjar.
- Eg hadde ikkje noko val, seier Espen og smiler.
- Eg hadde nok ikkje blitt rørleggjar hadde det ikkje vore for at pappa er det. Men det er berre fordi eg ikkje hadde visst kva det gjekk i. Eg har ikkje angra eit sekund på at eg blei røyrleggjar, seier Espen, som faktisk var Noregs yngste røyrleggjarmeister då han var ferdig utdanna i ein alder av 23 år.
- Espen var faktisk med på sitt første prosjekt når han var åtte år gamal. Eg drog han med meg, seier Øystein.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis gjekk det med røyrleggjararbeidet i det huset?
- Det gjekk faktisk veldig bra, seier Øystein og smiler.