Reiskap på kjøkenet ved sjukeheimen som ikkje lenger er i bruk (Arkivfoto).
Reiskap på kjøkenet ved sjukeheimen som ikkje lenger er i bruk (Arkivfoto).

Utelukkar ikkje kjøkendrift på Luranetunet i framtida

Sjølv om Frp/H ikkje er for det, kan det nye Luranetunet lett tilpassast for å gjeninnføra kjøkendrift på Luranetunet. Det opplyser prosjektsjef Tor Inge Døsen.

I 2007 vart sjukeheimskjøkenet på Luranetunet lagt ned (etter ein periode med konkurranseutsetjing av tenesta). Frå då av vart det i staden kjøpt inn ferdigproduserte, vakuumpakka porsjonar til oppvarming på institusjonsavdelingane og heime hjå brukarar av heimetenestene.

Kan tilpassast

I formannskapet onsdag kom det fram at det nye Luranetunet lett kan tilpassast den tradisjonelle driftsmodellen att.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bygginga av Luranetunet er ikkje lagt opp for å endra strategi når det gjeld matleveransen. Dette ut frå ei forståing av at det ikkje er politisk stemning for å snu om på det her og no. Men nye Luranetunet vil lett kunna endra driftsforma slik at det igjen produserer eigen mat, dersom det skulle koma eit vedtak om det, sa Døsen som svar på eit spørsmål frå Lars Atle Skorpen (Ap).

- Greitt å ha sjansen

Den nye kafeteriaen vert bygt slik at det vert mogleg å driva kafé og kiosk med servering kvar dag, og er altså romsleg nok til å kunna omgjerast til eit sjukehuskjøken.

- Me kan diskutera opp og ned kva driftmodell som er best, men uavhengig av politisk ståstad, vil det vera riktig å sikra den type opsjon for framtida, sa Terje Søviknes (Frp).