Krigen på avstand
Det handla om krigshistorie og måtar å fortelja historiane på under eldredagen i Fusa.
Eldredagen på onsdag var eit samarbeid mellom Rådet for seniorar og menneske med nedsett funsjonsevne, og Fusa senioruniversitet.
- Dette går i balanse og vel så det, sa festleiar Roald Samnøy då han fekk vita kor mange bilettar dei hadde selt i døra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eldredag i Fusa
Etter opning fortalde Eli Dalland frå Fusa senioruniversitet litt om bakgrunnen for senioruniversiteta. Det hadde vore ein forløpar i Frankrike der det vart pålagt å tilpassa undervisning til dei i den tredje alder (dei eldre). Det hadde spreidd seg til mange hjørne av verda. Fusa starta opp i 2009 og har no 60 medlemmer.
- Det er uforpliktande, det er ikkje leksehøyring, det er berre å stilla på. Og så er det tebrød og kaffi i pausen, sa Dalland.
Programmet framover hausten og våren er også rikhaldig, med fleire namn med lokal tilknytning. To turar vil det også bli til Austevoll eller Osterøy, og til konsert i Bergen med Harmonien.
Framtrylling
Så vart det song ved Strandvik blandakor - damene i raude ponchoar og herrane med svart skjorte og raude skjerf. Her vart det trylla fram vellæta i songar som «Til Østerland», «Morning has broken» og «You lift me up», alt under kyndig leiing av dirigent Iman De Zwarte.
Før ettermiddagens trekkplaster kunne gå på talarstolen, vart dei frammøtte oppmoda til å slå av mobiltelefonane. Det kima i ulike salvelsesfulle speledåsemelodiar rundt borda nett då, så Samnøy måtte høvisk setja foten ned for spetakkelet.
Læring no og då
Fjordingen Halvdan Eikeland hadde budd 48 år i Tønsberg, men fortalde han var stadig oftare tilbake til Eikelandsfjorden og Vikjo der han hadde vakse opp.
- Midt i den krigshistoriske bokflaumen som no er over oss, kan det vera på tida å spørja: Kva lærte me på skulen, og kva lærer barneborna våre i dag? spurde Eikeland retorisk.
Professoren tok utgangspunkt i historieundervisninga som danningsreiskap. Det var to lærebøker i historie som hadde vore heilt dominerande i dei første åra etter krigen: «Vi ere en nasjon» og «Folket vårt gjennom tidene».
Artikkelen held fram under annonsen.
Lite heiderlege haldningar
Samanlikna med i dag var historieundervisninga etter krigen prega av svart-kvitt-tenking. Det var dei gode mot dei vonde. Ein pussig ting var at jødeforfølgingane ikkje var nemnde i det heile. Seinare blir informasjonen om krigen meir detaljert med jøssingfotball, lærarstreik og "gutta på skauen".
Frå 90-talet vart det reist kritikk mot det som vart kalla «okkupasjonsmytene».
- Lærebøker av i dag nyanserer eldre framstillingar. Desse har nytt stoff og ny vektlegging, fortalde Eikeland.
- Her finn ein meir bakgrunnstoff, som om dagleglivet og rettsoppgjeret med handsaminga av NS-medlemer og tyskarjenter. Det siste «fortel om lite heiderlege haldingar hos mange menneske», sa professoren.
Rwanda og Balkan
I dagens undervisning blir det brukt mykje skriftlege kjelder. Det er også fleire foto, utan at elevane blir oppmoda til tolking.På spørsmålet om kvifor elevar skal arbeida med emnet Noreg under krigen, meinte Eikeland det var tre svar som var dei viktigaste
- 1: Forståing av det som skjedde som ein del av eit demokratisk danningsprosjekt, 2: Innsikt i at ein konflikt kan sjåast med fleire augo, og 3: Skildringane frå den gongen er ei påminning om at slikt skjer også i vår samtid, som i Rwanda og på Balkan, sa Eikeland.
- For historieforskinga og samfunnsforskinga vil det i framtida vera ei særs viktig oppgåve å forstå mekanismane som fører til folkemord, avslutta Eikeland.
Tre snittar
Samnøy takka for interessant føredrag og sa at Eikeland ikkje måtte bli overraska om han vart invitert igjen. Så song festlyden «Tytebæret oppå tuva» som bordvers, før det vart snittar og kaffislurp over ein låg sko. Døsen gjekk om hummarfisket som skulle starta kl 08.00 dagen etter og andre emne. Det var så mykje mat at gjestene ved bordet der underteikna sat, brukte kring eit kvarter på ein debatt om kven som burde setja til livs dei tre siste snittane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Du hildrande du
Utlodninga tok så til der Samnøy også hadde eit godt grep om situasjonen, slik at gamblinga ikkje gjekk over styr. Med head-set og vaskebøtte trava han mellom borda for å få folk til å trekkja. Nokre bord gjorde reint bord, spesielt når det gjaldt blomekvastar.
- Største blomen er no deg, sa ei og fniste. Ho meinte vel at sidemannen hennar var ein god nellik.
Strandvik blandakor trødde til med ein bolk til med islandsk korsong, «Tomorrow» og «Trolldans». Igjen lydde dei sprø tonane frå mobiltelefonane frå tasker og innerlommer.
- Eg takkar koret kor eg sjølv er med, eg synst dei er veldig flinke, sa festleiaren, før det vart blomedryss og allsong med «Fager kveldssol smiler». Festlyden vart takka for følgjet og ønskt vel heim.