Nøgde med ordføraren
Jarle Ragnhildstveit og Liam Heffernan frå LiftUp i Fusa, håpar at den som tek over stafettpinna etter Hans Vindenes, er av same ulla.
- Dei få gongene me har spurt om hjelp, har han stilt opp personleg og "smurt i gang maskineriet", seier Ragnhildstveit.
- Det er eigentleg det same kva parti det er, så lenge det er personar som stiller opp og hjelper dei lokale bedriftene, med til dømes treige søknadsprosessar og vegvesen som set begrensingar, seier Heffernan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marknadsleiande
«Os og Fusaposten» vitja LiftUp, som held til i Eikelandsheiane i Fusa for å snakka om kommunevalet. Bedrifta lagar pumpesystem for fjerning av død fisk og organisk avfall frå merdar.
- Det er ein nisjemarknad, der me står for heile 85-90 prosent av marknaden, som dekker Skottland, Færøyane, Chile, Irland, Canada, Tasmania og New Zealand, utanom Noreg, seier Heffernan.
Snakkar mest om internasjonal politikk
Grunna mykje eksportering og importering har dei mest fokus på internasjonal politikk, børs og marknad. Me ville likevel utfordra dei på lokalpolitikk, og her er dei seks spørsmåla dei måtte svara på.
1. Pratar de om lokalpolitikk på jobben?
- Ja, me snakkar om kommunesamanslåing og skuledebatten, som alle andre, seier Ragnhildstveit.
Men dei vil ikkje seia så mykje om sitt standpunkt, særskilt i skuledebatten.
- Det verkar som det er ein evig debatt. Det er kanskje ein forbannelse med små kommunar. Alle vil behalda sin skule, og meiner det er greitt å stengja andre sine, og så finn dei ikkje heilt ut av det, seier Heffernan.
Ser mange utfordringar
2. Kva saknar de fokus på i årets valkamp?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har vore travelt opptekne på jobb i det siste, med messer og slikt, så me har rett og slett ikkje fått oversikt enno, seier Ragnhildstveit.
3. Bør Fusa kommune ta imot fleire flyktningar?
- Det høyrest veldig enkelt ut å senda dei ut i småkommunar.Ein ting er austeuropearar og vesteuropearar, som kanskje har ein kultur som skil seg mindre frå nordmenn, men dei utanfor Europa har ein veldig annleis kultur. Då er det lettare for dei å bli isolerte i små kommunar, og eg meiner dei heller burde samlast i dei større byane, der dei møter fleire med same bakgrunn, som snakkar same språk. Eg ser mange utfordringar med å ta i mot fleire, seier Heffernan.
- Bygdene har mindre sosiale arenaer for integrering, legg Ragnhildstveit til.
- Så de seier nei?
- Me er tvilande til at det er ein god idé, seier Heffernan.
4. Er de saker som dykkar arbeidsgruppe er spesielt opptekne av i desse dagar?
- Me er opptekne av at lokalpolitikarane støttar og gjer det dei kan for å hjelpa lokalebedrifter. Dei kan gjera det lettare å etablera seg, og som Vindenes gjorde for oss, hjelpa med fortgang i søknadsprosess og vegarbeid, seier Ragnhildstveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje som det var før, at ein var avhengig å liggja sentralt til for å få ei suksessfull bedrift. No er det tvert i mot ein fordel å halda til på bygda, meiner eg. Så om politikarane følgjer opp og gjer sine pliktar, er det berre for bedriftene å koma seg ut og "kriga", seier Heffernan.
5. Har de bestemt dykk for kva de skal stemma?
- Nei, det har eg ikkje. Eg må setja meg skikkeleg inn i det først, seier Ragnhildstveit.
- Eg er blant dei som er i tvil til siste slutt, så eg har ikkje bestemt meg enno, seier Heffernan.
6. Er de nøgde med dei som styrer i dag?
- I forhold til det me har opplevd i bedrifta, så må eg seia ja. Dei har stått opp for oss, seier Ragnhildstveit, og Heffernan nikkar samd.