Oljesøl i Sjøbøelva
Ein hengar velta ved anleggsområdet i Endelausmarka i føremiddag og olje rann ut Sjøbøelva.
- Entreprenøren vår hadde eit uhell ved innkøyringa til anleggsområdet i Endelausmarka tidlegare i dag. Ein hengar veltet på det glatte føret, noko som medførte oljeutslepp der noko hamna i Sjøbøelva, stadfestar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.
Fylkesmannen er varsla og tiltak er iverksett, kan Ottesen opplysa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oljelense vart sett inn i oppryddingsarbeidet og det vart bestilt sugebil. Entreprenøren kan melda at vidare spreiing til Sjøbøelva er stoppa.