Petrit Zhubi herja vilt med Vidar-forsvararane laurdag. Svensken skåra eitt og la opp til to.
Petrit Zhubi herja vilt med Vidar-forsvararane laurdag. Svensken skåra eitt og la opp til to.

Zhubi-show i Parken

Han var outstending den timen han var på banen laurdag, Vesle fotrappe Petrit Zhubi er i ferd med å bli ein skikkeleg publikumsfavorit i Lysekloster Framo Idrettspark.

Svensken var eit heilt angrep åleine i første omgangen mot Vidar og la mykje av grunnlaget for den sterke 4-2-sigeren over Vidar laurdag.

- Jaudå, det gjekk ganske bra, men ein stund var eg usikker på om eg kunne spela. Under oppvarminga klinka eg med Hans Christian (Nysæther) og fekk meg ein smell i kneet. Det helt i 60 minuttar, seier 28-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster hadde bestemt seg for verkeleg å gå i strupa på gjestene frå Stavanger. Knappe minuttet var spelt då Zhubi ordna 1-0. 

Fire minute seinere var ham sentral i oppbygginga då kaptein Baste Jonassen breidsida inn 2-0. For ein start av dei kvit-blåe.

- Me hadde bestemt oss på førehand at me skulle klinka til. Det gjorde me, men det kosta krefter, vedgår assistenttrenar Ørjan Sandal.

Knappe minuttet gjekk det før Zhubi ordna 1-0.
Knappe minuttet gjekk det før Zhubi ordna 1-0.
Baste Jonassen skåra også mot Vidar. Lysefjordingen har no flytta til Sogndal, men skal spela sesongen ut for dei blå-kvite og trenar til dagen med Sogndal 2.
Baste Jonassen skåra også mot Vidar. Lysefjordingen har no flytta til Sogndal, men skal spela sesongen ut for dei blå-kvite og trenar til dagen med Sogndal 2.
Joshua Pritchard var også god. Her har han nett sett inn 3-1-målet.
Joshua Pritchard var også god. Her har han nett sett inn 3-1-målet.

Jamna seg ut

Vidar utlikna til 1-2 midtveges i omgangen, men fem minutt før pause var Zhubi på farten igjen. Lurte unna eit par forsarar og la ellegant ut til Joshua Pritchard. Den tidlegare Tromsø-spelar frå England såg ingen grunn til å stussa og banka ballen i mål frå vel 15 meter. Dermed stod det 3-1 til pause.

Etter kvilen kom Vidar sterkare utover i omgangen. No var det dei som hadde mykje av spelet, medan Lysekloster skapte store sjansar på overgangar.

Ståle Steen Sæthre vann uttallege duellar i spissrolla si og fekk ofte vent opp og spelt gjennom Zhubi. Fleire gonger var det berre uflaks som gjorde at det ikkje vart fleire mål på lysefjordingane.

Difor var eigentleg ganske typisk at Vidar fekk utlikninga si mot spelets gang. 3-2-målet kom etter eit fint skot frå Ingvald Sandvik Halgunset, utagbart for Chris Sunde Midtun i Lysekloster-buret.

Sikker innbytar

Gjestene fekk naturleg nok blod på tann etter reduseringa, men skapte ikkje så altfor mange store sjansar. Uansett var det mange av dei vel 200 tilskodarane som pusta godt letta ut då innbytar Sigve Rørstad iskaldt ekspiderte eit flott framspel frå Steen Sæthre og punkterte kampen med sin flotte 4-2-skåring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ettersom Lørenskog tapte for Sola laurdag har Lysekloster no sju poeng ned til nedrykksstreken. Det kan koma godt med når dei no skal ut i bortekamp mot Nest-Sotra og ein tøff heimekamp mot Florø helga etter.

- I dag var me gode i lange periodar. Eg håpar me kan halda fram med finspelet mot Nest-Sotra. Den kampen vil eg svært gjerne ha med meg, seier Zhubi som seinast i fjorårssesongen spelte for dei grønkledde serieleiarane.