Snart tilbake i manesjen
Etter to hjarteoperasjonar vart Jan Borgen utskriven frå sjukehuset onsdag. Om 3-4 veker er friidrettsentusiasten tilbake for fullt.Kenneth Svenningsen
Sist tysdag vart den mangeårige friidrettstrenaren i Os Turn råka av eit hjarteinfarkt. Etter to operasjonar og fleire dagars pleie vart 69-åringen utskriven frå Haukeland Universitetssykehus onsdag ettermiddag.
- Eg er rimeleg sliten, men elles står det bra til. Det går betre og betre for kvar dag som går, seier alltid like imøtekomande Borgen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rimeleg bra pust
Sjølv om han nett er komen ut frå sjukehuset, takkar han høfleg ja når «Os og Fusaposten» spør om å få avleggja han ein liten visit.
I einebustaden på Strøne bruker Borgen dagane på å planleggja opptreninga.
- Eg har manualane liggjande under sofaen her, og eit treningsapparat under trappa. Eg gler meg til å få byrja å trena igjen, men førebels må eg vera forsiktig, seier han.
På veg ned trappene for å visa fram treningsapparatet, går det rimeleg fort for ein nyoperert mann å vera.
- Pulsen er heilt normal igjen, og eg har ok pust. Men ein skal ikkje bli for vågal heller. Dei seier ikkje 3-4 veker med kvile berre for moro skuld, seier Borgen.
Vemodig
Medan Os' største friidrettsforkjempar og trenar-kapasitet låg på Haukeland skjedde det store ting på Kuventræ. Borgen fekk med seg noko av det, men skulle så gjerne ha vore til stades sjølv.
- Eg hadde sett veldig fram til den helga. Både den offisielle opninga av Os Idrettspark, og det at me skulle arrangera vårt første skikkelege friidrettsstemne på nær 20 år. Det er spesielt for ein som har drive med friidrett i så mange år, seier Borgen.
- Det er klart det var vemodig å ikkje få vera med, men helsa må koma først. No får eg heller sjå til å bli skikkeleg frisk, så får eg heller bidra der eg liker meg best - på treningsfeltet, smiler 69-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje fått blomane
Han fekk med seg at ordførar Terje Søviknes heidra han med blomar for sin mangeårige innsats. Blomane vart tekne imot av sonen Mons Martin Borgen.
Då «Os og Fusaposten» vitja Borgen på torsdag, var Mons Martin heime frå skulen og jobba med lekser.
- Det var fint å ta imot heideren på vegner av pappa. Han fortente det for alt han har gjort for friidretten i Os, seier Mons Martin.
Lattermild legg han til at blomane enno ikkje er komne faren i hende.
- Dei er framleis hos mamma, ler Mons Martin.
- Ja, det er ekskona mi, kultursjef Lisbeth Axelsen som har dei. Ho sende ein SMS med bilete av blomebuketten på laurdag, og den såg kjempeflott ut, men eg har altså ikkje fått dei enno, humrar Borgen senior.
Han legg til at han fekk fleire hyggjelege helsingar på laurdag.
- Leiaren i friidrettsgruppa, Sverre Mowinckel-Nilsen, sende meg melding og sa at eg var sakna. Han fortalde at han hadde filma talane og litt av det som skjedde elles på dagen, så det gler eg meg til å sjå på video no i ettertid, seier Borgen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blir heilt frisk
På sjukehuset gjekk han gjennom to operasjonar. Etter det Borgen sjølv forstår, skal han bli heilt frisk, og kanskje til og med friskare enn tidlegare.
- Dei blokka ut to blodårer som går inn til hjartet, og la inn ein stent (metallgitter) i kvar. Dette skal hindra at blodårene snevrar seg inn igjen. Går det som eg håpar, vert eg frisk som ein fisk og klar til å driva med hobbyen min om 3-4 veker, fortel Borgen.
For dei som måtte lura: Hobbyen er friidrett, både som trenar og som utøvar.
- Dei fleste har vel fått med seg at eg liker å trena andre, men eg trenar også ein del sjølv. Det har eg tenkt å halda fram med, seier sprekingen som ligg heilt i noregstoppen i fleire øvingar i sin årsklasse for friidrettsveteranar.