Straumen kan bli vekke gjennom natta

BKK opplyser at delar av områda som no er utan straum kan måtta belaga seg på at han ikkje kjem attende før i morgon.

- Fra kl 19:00 og utover har ekstremværet Urd ført til flere større strømbrudd. Hittil har rundt 20 000 kunder vært berørt av strømbrudd.

I deler av vårt nettområde er skadene etter ekstremværet omfattende og kunder må være forberedt på at ikke alle kan få strømmen tilbake i kveld, opplyser BKK kl 20.20.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er enno for tidleg å seia kva område som blir straumlause i natt.

- Våre montørar jobbar så lenge det er forsvarleg, opplyser BKK.

Os, Skorpo, Forstrøno, Røtinga, Innerøya, Lekven, Mobergsbakken. Byvegen, Kuven, Gudridhaugen, Hovland, Eidsvika, Søfteland og Stølsvegen er på lista til BKK sine sider over stader der straumen er 'frå og til' i kveld.

Her vert det opplyst at straumen er forventa innkopla att kl 22, og for Os-sentrumsområda, der feilen vart registrert kl 20.21, er forventa innkopling per no kl 23.21.

Sævareid sentrum, Haugen byggefelt, området mellom Skåte på Vinnes og Håvik, og Strandvik - der straumen i skrivande stund ikkje er komen attende - er mellom stadene i Fusa som har og har hatt straumproblem på grunn av uveret.

Du kan følgja utviklinga her;

https://www.bkk.no/feil og på FUSA Kraftlag sine Facebook-sider.