Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkte Os for å overtyda politikarane om å vera med i forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene. Berre 8 av landets kommunar let seg overtala.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkte Os for å overtyda politikarane om å vera med i forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene. Berre 8 av landets kommunar let seg overtala.

Statleg finansiert omsorg: Os er ein av åtte

Nabokommunen vår trekte seg frå prosjektet i siste liten då eventuelle kutt i perioden berre kan råka felt som ikkje går under helsesektoren.

I augeblinken ser det ut til at berre åtte kommunar av 428 moglege er med på eksperimentet med statleg finansierte omsorgstenester. Ein niande kommune, Gran, er i tenkjeboksen.

- Dette minnar mistenkjeleg om berget som fødde ei mus, kommenterer Helge Eide i KS til Kommunal Rapport. Omsett til norsk tyder det at det kom veldig lite ut av prosjektet, trass i omstendeleg førebuing. Eide kallar prosjektet "totalt verdlaust" når så få ønskjer å vera med.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kan skje også i Os

Ein av kommunane som trekte seg like før fristen gjekk ut, var vår nabokommune Samnanger. Dette fordi ein konsekvens av å vera med er at ein ikkje kan gjera kutt i omsorgssektoren dersom kostnadene må ned i drifta av kommunen.

- Kan det same skje i Os?

- Ja, i teorien så kan det det, seier Helge Steinum (Ap).

- Me driv jo så billig i Os at det ikkje er så mykje å kutta på, men dersom ein først må ty til nedskjeringar, kan ein ikkje dei komande åra ta litt her og der. Ein har bunde opp heile helse- og omsorgsbudsjettet, og dette området kan ikkje rørast, legg Steinum til.

Han er ikkje overraska over at så få kommunar ønskjer å vera med.

- Dei fire prosent påslaga me får i ramma til helse og omsorg trur eg blir spist opp av byråkrati. Eg trur Terje Søviknes har blitt beden om å vera med på dette Frp-prosjektet frå høgare hald, seier han.

Ein vesentleg skilnad

Ein skilnad mellom Samnanger og Os er at førstnemnte ventar mindre behov innan eldreomsorga dei komande åra med ei heilt flat befolkningsutvikling. Os har som kjent stor vekst og stor pågang på dei same tenestene.

Nettopp dette gjer at ordninga slår ut i favør for Os kommune, i motsetning til dei som må ty til nedskjeringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle våre utrekningar syner at dette vil vera lønsamt for oss, seier Søviknes.

Han er likevel einig i at det finst ein teoretisk risiko for at dei andre kommunale tenestene må ta eventuelle kutt, dersom det skulle bli naudsynt i perioden.

- Det er rett at omsorgssektoren vert skjerma. Kaka me har til fordeling blir no alt utanom omsorgssektoren. Kaka det eventuelt må kuttast i, blir altså mindre. Men det er jo svært usannsynleg at dette skulle skje i Os, seier Søviknes og siktar til den gode kontrollen kommunen har hatt på økonomien dei siste åra.

Diskuterer emnet i Oslo

Ordføraren har vore i Oslo eit par dagar, og eit av områda han har diskutert med politikarar i hovudstaden er nettopp forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene.

- Det vert sagt til meg at Helsedirektoratet skal gå ein runde til med dei 18 kommunane som søkte, og rekna gjennom konsekvensane for alle saman. Då kan ein sjå på om det ligg noko i modellen som må endrast på for å få med fleire, seier han.