Nominert til trusopplæringspris
Skapingsdagane i Os kyrkjelyd er ein av tre nominerte til Trosopplæringsprisen 2016.
Prisen går til kyrkjelydar, organisasjonar eller grupper som på ein særlig måte har fremja trusopplæring. Prisen framhevar aktivitetar og prosjekt som kan vera til inspirasjon for andre og som stimulerer til tverrfagleg samarbeid i kyrkjelydane.
Dei to andre nominerte er Naturkul i Eidfjord kyrkjelyd og LUPY - Bondelia Ynglingen på Gjøvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
IKO - Kirkelig pedagogisk senter har delt ut Trosopplæringsprisen sidan 2001.
Breiddetiltak
Skapingsdagane i Os er plukka ut blant 24 forslag frå heile landet.
Skapingsdagane er eit tidsavgrensa breiddetiltak for 1. og 2. klassingar i Os kyrkjelyd. Det er eit heildagstilbod som går av stabelen dei tre første dagane etter skuleslutt, i sommarferien.
Tanken er at borna skal få knytta kunst og bibelforteljing saman gjennom å skapa sjølve. Lokale kunstnarar leier skapingsøktene der borna kan velja mellom foto, måling, leire, kreativ dans, trommesirkel og teater. Det er også faste aktivitørar og ein hobby- og leikestasjon som er tilgjengelege heile tida.
Dagane vert avslutta med ei skapingsgudstjeneste.
Skapingsdagane er eit alternativ til andre sommarskuletilbod. Tiltaket har eksistert i to år, og i år deltok 75 barn.
Dei andre nominerte
Naturkul i Eidfjord kyrkjelyd er eit breiddetiltak for born i 6.-8.klasse. Naturkul har som mål "å la born erfara kyrkja som ein naturleg del av dagleglivet og som ein stad der ein kan ha det kjekt i lag med andre".
LUPY - Bondelia er et ungdomsdiakoni-prosjekt som starta våren 2016 i tilknyting til asylmottaket på Bondelia, og er en del av arbeidet med leiarutvikling på Ynglingen i Gjøvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utdeling
Vinnaren blir offentleggjort på Trosopplæringskonferansen onsdag 19. oktober foran 1.500 medarbeidarar frå kyrkjelydar i heile Noreg.
Prisen består av eit bidrag på 50.000 kroner og eit kunstverk av kunstnaren Helge Bøe.