Meir graving i sentrum
Gravearbeidet i Os sentrum har vist at det er stor fare for lekkasje. Dermed held gravearbeidet fram utover hausten.
I heile vår og sommar har rehab-teamet til Os kommune lagt nye vass- og avløpsrøyr i det såkalla Bydraget på Osøyro, gateløpet frå den gamle brannstasjonen til Oselvo.
Lekkasje
- Sjølve arbeidet har gått fint, men ein veit aldri kva som skjuler seg under bakken, og vi har fått nokre overraskingar, seier fagleiar ved VVA i Os kommune, Tore Andersland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter planen var det berre røyra mellom Bussterminalen og Torget som skulle skiftast, men gravearbeidet har avdekka at vass- og avløpsrøyra er i svært dårleg forfatning og at det er stor fare for lekkasje.
- Difor vel vi å skifta røyra på den vidare strekninga rundt svingen frå bankbygget og inn i Brugata. Vi gjer dette for å sikra vassforsyninga og avløpshandteringa til alle som bur og arbeider i sentrum, seier Andersland.
September
Gravearbeidet i sentrum startar opp tidleg i september. Det vil truleg vera naudsynt å stengja delar av gata for biltrafikk i enkelte periodar, men dette vert varsla i forkant og omkøyring vert skilta.