12 bøtelagd for manglar
Tysdag føremiddag hadde UP trafikk-kontroll ved Statoil-stasjonen i Os. 12 vart tildelt forenkla gebyr.
Det er slett ikkje sjeldan at UP har trafikk-kontrollar i Os. Når dei først er i aksjon hendar det rett som det er at kontrollen vert utført på Byvegen ved innkøyringa til Os.
- Dette er ein plass me ofte står på. Dessverre viser statistikken at dess lågare fart det er på strekninga, dess større sjanse er det for at bilistane gløymer å bruka bilbelte, eller vert freista til å knota med mobiltelefonen, seier ein av dei to frå utrykningspolitiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Angrande
Då «Os og Fusaposten» var bortom var dei to som gjennomførte kontrollen. Ein overvåka bilistane gjennom kikkert, medan den andre politien vinka dei inntil sida ved den gamle brannstasjonen i Os.
- Dette strekket er oversiktle og greitt. Herifrå ser eg bilistane i det dei passerar Best-stasjonen, forklarer UP-en.
Etter ein knapp time hadde dei stoppa fire sjåførar - ein for manglande bruk av bilbelte, og tre for bruk av mobil.
- Dei fleste me stansar tek det greit. Dei er angrande og vedgår sine feil, seier UP-en.
Totalt stod UP-ane der i litt over to timar. Status etter kontrollen var åtte gebyr for manglande bruk av belte, og fem gebyr for bruk av mobiltelefon.
Kontroll på Halhjemsvegen
Også Os lensmannskontor hadde kontroll tysdag føremiddag. Dei plasserte seg på Halhjemsvegen. Her kontrollerte dei 30 køyrety frå klokka 11.00 til 11.45. To bilistar fekk gebyr. Ein for manglande førarkort, og ein for manglar på køyretyet sitt.