Miljøpartiet Dei Grønes Nils-Anders Nøttseter.
Miljøpartiet Dei Grønes Nils-Anders Nøttseter.

- Svært tynt om kultur

Det sa Nils-Anders Nøttseter (MDG) etter at ein gjennomgang av kultursatsinga i komande budsjett var så godt som fråverande.

Etter at kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, under budsjettkonferansen hadde sagt mykje om oppvekst, men ingenting om kultur, tok Nøttseter ordet.

- Det var svært tynt på det som har med kultur å gjera?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, eg valde å fokusera på det som gjev endringar i budsjettet. Men innan kultur må me berre driva vidare med dei same rammene som før, svarte Rye.

Ifølgje Kommunebarometeret ligg Os kommune på 345. plass av 428 moglege innan kulturtilbodet, bak samanliknbare kommunar som Stord og Fjell, men framfor Askøy.

- Skåren her speglar i stor grad kva ressursgrunnlag den einskilde kommunen har, heiter det i budsjettforslaget frå rådmannen.

Rådmannens "Nice to have"

Rådmann Knut Terje Rekve sa at det var eit felt han gjerne skulle ha hatt midlar til å styrka (sjølv om det er "nice to have", meir enn "need to have", som han formulerte seg): Kulturskulen.

- Me femnar ganske breitt på kulturskulen vår, og grunnen til det er at me har mykje gruppebasert undervisning. Men på ein del område kunne me hatt eit betre tilbod innan eit breiare spekter, sa Rekve.

Ein vonar at kulturskulen i Fusa og kulturskulen i Os kan slå seg saman, og at dette kan gje synergieffektar, men førebels ligg saka og ventar på behandling i Fusa.