- Sjå kva vi kan!
Kulturminnedagane 2016 vert markerte i Os i perioden 10.-18. september. Tema er «Sjå kva vi kan! Kompetanse og kunnskap i kulturvernet».
Under markeringa av Kulturminnedagane 2016 ønskjer kommunen å løfta fram menneska som jobbar med bevaring, dokumentasjon og deling av kunnskap og opplevingar knytt til kulturarva vår.
I Os har vi gjort eit utval av personar og organisasjonar som har fokus på nettopp dette. Oselvarlaget og det nystarta Os sogelag representerer organisasjonar som vil ta vare på, dokumentera og formidla både materiell og immateriell historie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi har òg ei mengd ressurspersonar i Os, innanfor mange ulike tradisjonar. Dei utvalde representerer både det typiske for Os og for Vestlandet generelt. Vi vil få presentert byggeskikk, baking, rosemåling, folkesong, Oselvaren og daglegliv på garden i gamle dagar. Presentasjonsforma varierer frå munnleg formidling til praktisk deltaking. Mellom anna vil kultursjefen i Os presentera arbeidet med kulturminneplan for Os, og det vil bli høve til spørsmål.
Arrangementa går over fire dagar - 10., 11., 17. og 18. september. Tidspunkt og stad vil bli annonsert i presse og på plakatar.
Kulturkontoret
Os kommune