Tom Roger Aadland har gjeve ut fem plater, blant dei eit kritikarrost album med Bob Dylan-tekstar på nynorsk. Førstkomande torsdag inviterer rogalendingen til konsert i Fusa folkebibliotek.
Tom Roger Aadland har gjeve ut fem plater, blant dei eit kritikarrost album med Bob Dylan-tekstar på nynorsk. Førstkomande torsdag inviterer rogalendingen til konsert i Fusa folkebibliotek.

Rockepoesi i biblioteket

- Sidan farsslekta mi kjem frå Fusa, ser eg spesielt fram til denne konserten, seier Tom Roger Aadland om torsdagens konsert i Fusa folkebibliotek.

Aadland, eller rockepoeten, som han også vert kalla, vart for alvor oppdaga då han gav ut albumet «Blod på spora» i 2009. Albumet er ein nynorsk versjon av Bob Dylan sitt legendariske album, «Blood on the Tracks» frå 1975.

- Låta «Vikla inn i blått» frå albumet vart nyleg kåra til éin av tidenes 25 beste, norske coverlåtar av WiMP, heiter det i ei pressemelding frå artisten frå Vikebygd i Vindafjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mars kom den femte soloplata til Aadland, «Rapport frå eit grensehotell». Plata fekk gode kritikkar, og låta «Like til mi dør» vart del av A-lista til P1 med det same.

I tillegg til å turnera sjølv, har Aadland vore support for Hellbillies på jubileumsturneen deira den siste tida.

Rogalendingen gjester Fusa åleine. På konserten i biblioteket kjem rockepoeten til å fokusera på dei kritikarroste songane sine.

- Stikkord for konserten er sterke tekstar og gode melodiar, går det fram av pressemeldinga.