Minne frå skulestova
Tysdag kjem Arthur Lunde til eldretreffet i Kløvertun og tek fram eit knippe av minne frå åra som elev og lærar.
Arthur Lunde er innfødd osing, men ferdig utdanna sto han først nokre år bak kateteret på ein framhaldsskule i Nord-Noreg.
Han var der lenge nok til å finna seg kone og verta gift. Sidan har det vore Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Som 90-åring ser han tilbake på eit langt liv i teneste med lærdom og undervisning.
Tysdag vert det også åresal, så ta gjerne med ein liten gevinst.
Kaare M. Bakke