Vaktmannskapa til BKK er i gang med å fiksa problema ute i feltet. (Arkivfoto - BKK)
Vaktmannskapa til BKK er i gang med å fiksa problema ute i feltet. (Arkivfoto - BKK)

Framleis utan straum

Ifølgje oversikta på BKKs heimeside, er det om lag hundre kundar som framleis ikkje har fått straumen attende.

- Informasjonen i kartet på våre heimesider skal vera korrekt. Men det kan òg vera eit hus her og der som ikkje har straum. Det kan eg ikkje svara på på ståande fot, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Anne Mette Tuvin.

Jobbar med å retta feil

Ekstremvêret Urd gjorde mange husstandar i Os og Fusa straumlause i går. BKK har store mannskap ute i feltet for å fiksa problema, og dei fleste har fått straumen attende. Men i kartet på BKKs heimesider kan ein lesa at det er 63 kundar som framleis er utan straum på Søfteland. I området Hatvik/Berge, Hegglandsdalen og innover i Øvredalen, er det 31 kundar som ikkje har straum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ein del tre sin har velta over lina. Det kan ta litt tid å få fiksa problemet, seier Tuvin og legg til:

- I løpet av formiddagen, eller tidleg ettermiddag, vil dei ha fått straumen attende, om det ikkje skjer noko ekstraordinært.

Ferjene er tilbake i drift

Uvêret gjorde også at ferje-sambanda i Osblei innstilte i går. Desse skal no vera i full drift att.