Eikelandsfjorden rykkjer direkte opp om Øystese 2 vert funne skuldig i å bruka ein spelar som ikkje hadde lov til å spela mot Hordabø/Radøy/Manger 2
Eikelandsfjorden rykkjer direkte opp om Øystese 2 vert funne skuldig i å bruka ein spelar som ikkje hadde lov til å spela mot Hordabø/Radøy/Manger 2

Kan rykkja opp utan å spela kvalik

Øystese 2 vert skulda for juks, og er klagd inn til kretsen. Om kretsen meiner at dei har juksa, så rykkjer Eikelandsfjorden opp istadenfor.

Søndag skulle eigentleg Eikelandsfjorden tevla om opprykk til 5. divisjon mot Nordre Holsnøy, og neste helg skulle returoppgjeret gå av stabelen. No er desse kampane utsett.

- Kretsen har valt å utsetja kampane mens dei ser på klagen, seier Eikelandsfjorden-trenar Knut Hjertnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter det Os og Fusaposten kjenner til, skal klubbane Eikelandsfjorden, Rosendal og Hordabø/Radøy/Manger 2 (HRM 2) ha dokumentert juks frå Øystese si side, ved at klubben har brukt ein spelar som ikkje hadde lov til å spela i oppgjeret mellom Øystese og HRM 2. No er klagen sendt til topps i norsk fotball.

Femte klage på eit år

Det er ikkje første gong Øystese vert skulda for juks. I løpet av det siste året har kretsen mottatt heile fem klagar på Øystese 2, frå klubbane Eikelandsfjorden, Tertnes, HRM 2 og to frå Rosendal. Det skrivBA.no.

- No kan de altså risikera å plutseleg vera klare for 5. divisjon likevel. Er ikkje det litt rart?

- Nei, for me har visst om dette heile vegen. Nokre av spelarane på laget har nokre bekjende i Øystese. Det er uansett fortent om me får opprykket, om dei vert funne skuldige, seier Hjertnes.