Osfest-støtte utsatt
Osfest hadde ikkje sendt inn budsjett, finansieringsplan eller rekneskap før dei bad om nytt tilskot. Dette vart ettersendt, men ikkje omfordelt til formannskapet.
Osfest har hatt ei fin utvikling i talet besøkande dei to åra festivalen har eksistert. Frå 3.000 besøkjande i 2014 til 6.000 besøkjande i 2015. Veksten fører også med seg større utgifter. 3,5 mill. kroner i utgifter første året voks til 5 mill. kroner i 2015. Til neste år budsjetterer dei med 6 mill. kroner, ifølgje søknaden dei har sendt inn til Os kommune.
Bad om 600.000 i støtte
Frå kommunalt hald vonar dei på 600.000 kroner i støtte. Dette frå formannskapets disposisjonsfond, og ikkje frå KUP-midlane som i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Litt av grunnen til at me vel å ta dette frå disposisjonsfondet er at me fekk nokre negative tilbakemeldingar frå andre kulturaktørar på at ramma for KUP-midlar vart trekt ned med tilsvarande beløp som Osfest fekk i støtte, sa Søviknes, før han la til: Kven vil starta bodrunden?
- Useriøs søknad
Men nokon bodrunde starta ikkje. For det mangla fleire vesentlege vedlegg. Nils-Anders Nøttseter (MDG) hadde før møtet etterlyst budsjett, finansieringsplan og oversikt over kva dei kommunale midlane gjekk til i fjor. Men desse låg likevel ikkje ved då formannskapet skulle behandla saka.
- Denne søknaden er ufullstendig og useriøs. Det er heilt uaktuelt å behandla ein nyt søknad om pengar før dei har levert rekneskap for tidlegare tilskot, sa Nøttseter i møtet.
Ein forsvunnen epost
Ordførar Terje Søviknes sa at han hadde vidaresendt førespurnaden frå Nøttseter til Osfest. Osfest hadde då sendt dokumentasjonen som var etterspurt.
- Dette vart sendt til min epost, men etter at eg var reist til ei helg i London. Deretter har eg gløymt å vidareformidla den til formannskapet, sa ordføren.
Han føreslo difor at saka gjekk ut, og fekk gehør frå dei andre politikarane.
Habilitetsspørsmål
Nøttseter spurde elles om det var noko nytt i forhold til Søviknes sin habilitet i forhold til ein av dei som er aktivt involvert i Osfest, Ole Reinert Berg-Olsen.
- Det er ikkje noko nytt i saka. Eg har eit venskapsforhold til ORBO og underteiknas kjærast er ven med ORBO si kone, sa Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fjor fekk Os kommune ein juridisk konsulent til å vurdera spørsmålet, og dei konkluderte med at han ikkje var inhabil i saka. Professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, uttalte på dåverande tidspunkt til «Os og Fusaposten» at han meinte Søviknes var inhabil i saka.