Eldretreffet feirar Saniteten
Eldretreffet i Os har snart halde det gåande ein mannsalder. Ei av drivkreftene er den lokale sanitetsforeninga. Flittige kvinner møter opp i god tid og gjer samlingane trivelege for alle som kjem.
Norske Kvinners Sanitetsforening rundar i år 120, og eldretreffet vil vera med å feire. Men saniteten i Os fornektar seg ikkje: - også denne dagen er det dei som vartar opp med god mat - og for høvet litt ekstra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os trekkspelklubb syter for musikk til festbordet. Vi andre greier oss med litt songstemme - og godt humør. Vel møtt!
Kaare M. Bakke