Malene (5) og Jenny Marie (5) var flinke til å stå på skeiser, sjølv om det berre er andre gong dei prøvar seg.
Malene (5) og Jenny Marie (5) var flinke til å stå på skeiser, sjølv om det berre er andre gong dei prøvar seg.

Skrekkblanda fryd for unge skeisenoviser

Haugevis av osingar fann vegen til Banktjørna i dag. Jenny Marie (5) og Malene (5) fekk godt fart på skeisene i dei sterke vindkasta.

Då me skulle ta bilete av dei to unge jentene, som hadde sin første skeisetur på eit islagt vatn, spelte ikkje vinden på lag med oss. Dei to seila sakte men sikkert bort frå journalisten.

- Eg får flytta på meg, slik at de får medvind. Det blir eit mykje betre bilete om de kjem i retning meg!

Artikkelen held fram under annonsen.

Jenny Marie Nordal og Malene Heggø Nordland vitja Slåtthaug isbane torsdag samen med resten av borna i Nøtteliten barnehage. Det var første gong dei hadde skeiser på beina. I dag var dei på skeiser med mødrene sine.

- Dette er kjempekjekt, sa Malene, før ho segla i retning far.

- Me må nytta høve når det først er is på vatnet. Det er nokre år sidan me hadde skeiser på beina, seier mor til Malene, Christine.

Ni-åring med stålkontroll

Om lag midt på vatnet fauk det rundt ein ung gut med hockeykølle og puck.

- Eg reknar med at du spelar ishockey? Du har jo stålkontroll.

- Ja, det gjer eg, seier Simen Tømmernes Klakegg (9).

- Eg spelte faktisk kamp i dag tidleg, legg han til.

Simen leika saman med nokre kompisar. Ingen av dei er nybyrjarar, men det er ei stund sidan dei gjekk på skeiser sist.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur det var to år sidan. Då gjekk me på Vindalsvatnet på Søfteland, seier ein av kompisane.

Stor aktivitet

Det er tydeleg at det er mange skeiseentusiastar blant osingane. I går skreiv me om Espen Engevik somtok initiativ til hockey-cup på Ulvenvatnet i dag, etter at fire timar med hockey saman med venar og kjente i går gav meirsmak.

- Det blei vellukka. Me var om lag 20 "hockey-spelarar" i sving, seier han.