Kristoffer Skjerping fekk ikkje plass på det norske landslaget, men syklar i staden lagtempo for Cannondale Garmin.
Kristoffer Skjerping fekk ikkje plass på det norske landslaget, men syklar i staden lagtempo for Cannondale Garmin.

Halvt-osing klar for VM

Kristoffer Skjerping er klar for VM i lagtempo for Cannondale Garmin.

VM i sykling går av stabelen i Richmond i USA frå 19. til 27. september. Lagtempo for klubblag er lagt til meisterskapens første dag, altså neste laurdag.

Kristoffer Skjerping, som har både far og bestefar frå Os, vart ikkje teken ut på det norske tempo- eller fellesstart-laget. I staden får han altså høve til å sykla lagtempo med klubblaget Cannondale Garmin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjerping er alt på plass på det amerikanske kontinentet, og har dei siste dagane køyrt sterkt i Tour of Alberta.