Av rundt 10.000 hjartestartarar, er berre 3.000 apparat registrerte.
Av rundt 10.000 hjartestartarar, er berre 3.000 apparat registrerte.

Viktig å registrera hjartestartarane

Ein nyinnkjøpt hjartestartar vert snart montert ved inngangsdøra til Fjord'n senter i Eikelandsosen. Senterleiar Vigdis Øvreeide oppmodar alle som eig hjartestartarar i Fusa om å registrera apparata sine.

- Då eg prøvde å finna ut kor mange hjartestartarar som finst i Fusa, fekk eg få treff. Det kan tyda på at mange ikkje har registrert apparata sine i Norsk Hjertestartregister, seier Øvreeide.

Ho fortel at dei alt etter ei veke fekk eit skjema med spørsmål frå hjartestartregisteret som dei måtte fylla ut og senda inn. Ho trur mange gløymer eller lét vera å fylla desse ut og senda dei tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom FB-sida "Kvardagsprat i Fusa" fekk Vigdis Øvreeide inntrykk av at fleire lag, organisasjonar og verksemder i kommunen hadde skaffa seg hjartestartarar, men ho klarte ikkje å spora opp kvar apparata er plasserte og kven som eig dei.

Vil ha eit nasjonalt register

Bakgrunnen for å oppretta Norsk Hjertestartregister er at Helsedepartementet og Direktoratet for Sikkerhet og Beredskap (DSB) ynskjer å etablera eit nasjonalt register over alle utplasserte hjartestartarar. Manglande oversyn og mangel på kontroll og vedlikehald av hjartestartarar kan vera ein alvorleg tryggleiksrisiko.

Ifølgje eit skriv frå Norsk Hjertestartregister kan rundt 60 prosent av dei utplasserte hjartestartarane i Noreg ha feil eller manglar, noko som fører til falsk tryggleik for potensielle brukarar, og i verste fall til at nokon døyr.

Berre 3.000 av 10.000 er registrert

Av rundt 10.000 hjartestartarar, er berre 3.000 apparat registrerte, får me opplyst hos Spartacus Helse.

- Kvar kan me venda oss dersom naude er ute, og me ikkje veit kvar næraste hjartestartar finst?

- Då lyt ein ringja til AMK-sentralen 113 (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral), og få hjelp derfrå. Me jobbar med å laga ein app der ein kan finna relevante opplysningar, men det er ei utfordring når såpass mange apparat ikkje er registrerte, seier representanten for Spartacus Helse.

- Kor ofte lyt ein byta batteri i ein hjartestartar, og kor dyre er dei?

- Dette er spesialbatteri, og dei varer som regel i fire til sju år. Det kjem litt an på typen ein har. Også prisen varierer noko, frå rundt 2000 til 4000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Senterleiar i Fjord'n Senter i Eikelandsosen, Vigdis Øvreeide, oppmodar alle som har kjøpt hjartestartarar til å registrera seg i Norsk Hjertestartregister. (Arkivfoto)