- Dette blir historias første lokale direktesending med publikum, seier Ole Reinert Berg-Olsen i Os og Fusaposten.
- Dette blir historias første lokale direktesending med publikum, seier Ole Reinert Berg-Olsen i Os og Fusaposten.

Sommarshowet blir direktesendt

Os og Fusapostens sommarshow på Bryggedansen laurdag vil bli direktesendt på heimesida. - Skal vi ha eit TV-show, så må vi også ha direktesending, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

- I TV-satsinga vår er direktesendingar eit av satsingsområda, seier Berg-Olsen, før historias første lokale direktesending med publikum brakar laus lørdag.

- Det er litt vittig at vi for ca eitt år sidan berre var ei papiravis. Det har skjedd mykje på kort tid, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dei som ikkje er i stand til å koma

På nasjonaldagen blei det laga ei utvida sending frå feiringa i både Os og Fusa. Sendinga blei vist på fleire institusjonar, og tilbakemeldingane har vore gode.

- Det fungerte heilt topp. Streamen er mest for dei som er bortreist, utflytta, og ikkje minst dei som ikkje er i stand til å koma. For sjølv om sendinga blir streama, så håpar vi at flest mogleg kjem til "Sjøfronten". Det er det kjekkaste, seier Berg-Olsen.

Kan bli ein tradisjon

Bryggedansen er blitt ein årleg tradisjon. Det kan også TV-sendinga bli.

Os og Fusapostens Ole Reinert Berg-Olsen og Kenneth Svenningsen skal leia publikum gjennom sommarshowet på Bryggedansen.
Os og Fusapostens Ole Reinert Berg-Olsen og Kenneth Svenningsen skal leia publikum gjennom sommarshowet på Bryggedansen.

- Om dette er noko folk liker og vil ha, så er vi positive til å gjera det til ein tradisjon, seier Berg-Olsen.

Produksjonen er stor og allsidig, med musikkinnslag, intervju, aktivitetar og konkurransar.

- Det at det skjer kjekke og spanande ting i ei bygd er med på å gjera det til ein kjekkare stad å bu. Dette er eit tiltak for å gjera Os endå meir attraktivt. Ein kan ikkje lenger seia at Os er ein stad der det skjer lite. Her skjer det mykje, seier Berg-Olsen og smiler.