Eit tap til å leva med

Os-damene gjekk på seksmålstap i serieopninga borte mot Sotra. - Det kan me leva med, sier trenaren.

Trond Førde Eriksen er ikkje all verda skuffa etter bortetapet i serieopninga. 31-25tapet kom mot eit lag Os-trenaren meiner vil kjempa heilt i toppen. Dessutan trur han Os-damene kjem sterkt tilbake.

- Eg ser at me får til mykje av det me har øvd på under trening. Problemet er at laget totalt sett svingjar for mykje i prestasjonane, seier Førde Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han veit at det tek tid å øva inn ein ny spelestil. Dessutan er det noko med den første seriekampen for sesongen.

- Det er lett for at ein er litt ekstra spent, har litt høge skuldre og vert litt fantasilaus. Eg trur jentene vil sleappa seg meir laus når me tek imot Fana heime komande søndag, seier han.

 

I Sotra Arena tok heimelaget initiativet tidleg, og var i tillegg råare og meir bestemte i avslutningane.

Trond Førde Eriksen gjev her eit døme på feil som gjorde at osingane vart hekta av:

- Like før pause kunne me køyrd eit angrep heilt ut, skåra og berre ha vore under med to mål. I staden gambla me, mista ballen, fekk kontring imot og kom under med fire mål til pause. Slike taktiske bommerter gjorde me fleire av i denne kampen. Det kosta, seier trenaren.

Han deler også ein raus porsjon kritikk til seg sjølv.

- Eg må også ta på meg noko av skulden for at me til slutt tapar denne kampen. Eg vert litt feig og satsar for mykje på enkelte spelarar. I staden skulle eg byta meir. Spesielt mot slutten var det tydeleg at eg hadde trøyta ut en del av spelarane for mykje, vedgår Førde Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han presiserer at både han og jentene er i ein læringsprosess.

- Eg må læra meg jentene betre å kjenna. Eg må læra meg meir om kvar og når dei gjer ein best jobb på banen. Elles ser eg jo at jentene er læringsvillige og tek utfordringar. Me er ein samla gjeng og me kjem sterkt tilbake, avsluttar Os-trenaren.