Det var i dei dagar...

Når ein no snart lèt at døra for dette året og opnar ei anna, er det tid for refleksjonar. Landet vårt har fått bryna seg på fleire område dette året. Oljeprisar som falt. Arbeidsløysa som steig. Og ikkje minst den store immigrasjonen og flyktningstraumen, Skriv Laila Reiertsen.

LESARBREV: Regjeringa handlar. Med midlar i hopetal. Med endringar i lovverk. Men samstundes må ein følgja utviklinga vidare. For å ta viktige avgjerder etter kvart. Då er det særs viktig at arbeidsledige søkjer seg jobbar der dei er. Mange må belaga seg på pendling eller flytting. Ein må opna opp for gründerar som vil satsa på gode idear. Her må både stat og kommune vera støttande. Ein må vidare få ein fortgang i kven som får opphald i landet og kven som skal ut. Dette for at ein raskt skal kunna koma inn i god integrering i kommunane. Os kommune viser med sitt vedtak når det gjeld busetjing av fleire flyktningar, at me tar ansvar.

Underteikna vart vald inn på ny til Stortinget i oktober. Med ansvar for familie- og kulturfraksjonen for Frp, blei det ei ny utfordring for meg. Med ansvar for familiedelen har dette vorte eit område som eg liker godt. Det har vore nokre travle månader. Men det er godt ein har erfaring frå tidlegare periode, for korleis ein arbeider på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er snart jul. Mange får kanskje ei litt annleis jul i år enn i fjor. Nokre med litt mindre å rutta med på grunn av tap av arbeid. Andre skal feira jul i eit heilt nytt land med usikkerheit for framtida. Samfunnet vårt har eit sterkt tryggleiksnett. Det skal vi vera glade for. Men samfunnet kan ikkje løysa alt. Noko er også opp til ein sjølv. Samstundes kan du som medmenneske, tilføra mykje. Det kostar ingenting å bry seg. Vera til stades for kvarandre. Hjelpa så godt ein kan. Våga å by på seg sjølv. Sjølv om det kostar litt å koma utanfor komfortsona.

Det var, og det er i desse dagar det skal gjera deg godt å vera medmenneske!

Med ønske om ei god jul og eit godt nyttår til alle!

Laila Reiertsen

Stortingsrepresentant Frp