Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg viser kvar det brann i dag tidleg.
Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg viser kvar det brann i dag tidleg.

Ukjent mann tende på ved Oseana

Ein mann iført hettegensar kasta frå seg ein brennande gjenstand på tre-terrassen til Oseana i dag tidleg. Tilsette sløkte brannen.

Klokka 9.46 i dag fekk politiet melding om hendinga. Ein mann hadde kasta eit tøystykke (kanskje ein sokk) innsmurt med brennbart materiale og kasta frå seg på tre-terrassen til Oseana kunst- og kultursenter. Brannen var sløkt av tilsette då politiet kom på staden.

- Dette kunne potensielt ha utvikla seg til noko større. Politiet gjer no undersøkingar knytt til saka, opplyser Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Veldig ubehagelig

- Flammane stod eit godt stykke opp på vindauget vårt, og det blei eit tydeleg svimerke, seier direktør Ole Tobias Lindeberg. Han opplyser at ein tilsett som var på jobb i galleriområdet såg kva som skjedde og fekk med seg ein kollega for å få sløkt branntilløpet.

- Dette er sjølvsagt veldig ubehageleg. Me har jo mange menneske som er innom her i løpet av dagen, seier direktøren.

Ber osingar vera på vakt

For dei tilsette ved Oseana er mannen heilt ukjent, og Lindeberg seier heile hendinga er heilt uforståeleg.

Her låg den påtente tøyfilla.
Her låg den påtente tøyfilla.

- Det verkar heilt tilfeldig. Difor tenkjer eg det er greitt at osingane får vita om at det går rundt ein person som tilsynelatande prøver å setja fyr på ting i Os, seier direktøren.