Ballongslepp var eit av høgdepunkta under søndagens sleppefest for den kyrkjelege Trusopplæringsplanen. (Alle
Ballongslepp var eit av høgdepunkta under søndagens sleppefest for den kyrkjelege Trusopplæringsplanen. (Alle

Sleppte trua laus

Søndagens sleppefest av Trusopplæringsplanen vart ei sterk markering av ein stor og unik kyrkjelyd, seier kateket Hildur Løkken Lillestøl.

Tysdag er oppryddinga etter helgas fest i full gong på Os kyrkjekontor.

- Opplevinga var veldig god. Ein kyrkjegjengar kviskra meg i øyret at dette var 150 prosent vellukka, seier Hildur Løkken Lillestøl og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Suksess

Nokon heldt tydeleg si hand over det heile, for til og med vêret var godt.

- Ikkje berre vart mange verande etter gudstenesta, men dei vart verande lenge, seier Hildur.

Dagen vart til i eit samarbeid mellom tilsette, frivillige, diverse utval, sokneråd og tiltaksfadrar.

- Eg sit med ei god oppleving av eit stort og mangfaldig fellesskap. Os-folket har spesielle ressursar som eg ikkje har sett så tydeleg andre plassar, seier kateket Hildur Løkken Lillestøl.
- Eg sit med ei god oppleving av eit stort og mangfaldig fellesskap. Os-folket har spesielle ressursar som eg ikkje har sett så tydeleg andre plassar, seier kateket Hildur Løkken Lillestøl.
Borna kosa seg med frukt, quiz og leikar.

-  Det var ekstra kjekt at så mange born kom. Det er trass alt dei vi har laga trusopplæringsplanen for, seier kateket Hildur Løkken Lillestøl.
Borna kosa seg med frukt, quiz og leikar. - Det var ekstra kjekt at så mange born kom. Det er trass alt dei vi har laga trusopplæringsplanen for, seier kateket Hildur Løkken Lillestøl.
250 personar hadde møtt fram til folkedansmesse med påfølgande fest på Kyrkjeflaten.
250 personar hadde møtt fram til folkedansmesse med påfølgande fest på Kyrkjeflaten.

- Dette er eit eksempel på kva samarbeid som trengst for at ein flott plan skal bli verkeleggjort.

- Dessutan var folk glade, og det er jo eit sikkert teikn på suksess, ler ho.

Godheitsdagen

Komande laurdag står Godheitsdagen for 12-åringar på programmet. Fyrst er det samling i ulike grupper på Kyrkjetunet, før gjengen skal ut i felten og gleda andre.

- Er det nokon der ute som treng hjelp til noko praktisk arbeid, så ta kontakt. Vi vil øva oss i å visa omsorg for nesten vår. Det er også ein del av trusopplæringa, seier Hildur.