Ikkje ei einaste pære å oppdriva

Os kommune er i gang med ei storstilt utskifting av gamle, kvikksølvhaldige veglys. Samstundes vil nokre gamle veglys sløkkja. Og då er det ikkje ei pære å oppdriva.

Dei gamle kvikksølvlampane er av miljøomsyn forbodne i Noreg og EU, og blir ikkje lenger produserte. Dei nye veglysa er LED-lamper, som gjev bortimot ti gonger så mykje lys for same mengde energi, samanlikna med dei gamle veglysa.

- Dette gjer at vi sparer inn kostnadene på dei nye veglysa i løpet av fem til sju år. I tillegg gjev dei betre og meir målretta lys, og har ei garantert levetid på 20 år, opplyser leiar for samferdsel i kommunen, Agnete Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Éi strekning om gongen

Over ein treårsperiode skal kommunen skifta ut alle dei om lag 1.000 veglysa langs kommunale vegar i Os med nye LED-lampar - éi strekning om gongen.

- Når ei gamal kvikksølvlampe i eit veglys sløkkjer, finst det rett og slett ikkje lenger lyspærer som passar til lampa. For å installera nytt LED-veglys, må heile lampa skiftast ut. Vi kan ikkje skifta eitt og eitt lys, men må ta arbeidet med bytte frå gamle til nye veglys områdevis, seier Haugland.

Tomt for kvikksølvlampar

Ifølgje kommunikasjonsrådgjevaren går det rykte om at tyske vegstyresmakter kjøpte opp alt som var att på lager då dei høyrde om forbodet mot kvikksølvlamper.

- Om det er sant, veit vi ikkje. Men det som er sant, er at det ikkje finst ei einaste kvikksølvlampe å oppdriva. Dermed må vi diverre leva med ein del mørke lampar i vinter.

Kommunen vonar å ha skifta 80 % av alle lampane i løpet av 2016, slik at det skal vera få område med mørke lampar når året er omme. Mesteparten av utskiftinga skjer i den lyse årstida, og til hausten skal mykje vera gjort. Enkelttilfelle kan likevel ta lengre tid.

- Vi er lei oss for ulempene dette kan gje enkelte stader, og skal jobba alt vi kan for å gje dykk lys i mørkret.