Illustrasjonfoto frå Hegglandsdalen skule. (Arkivfoto)
Illustrasjonfoto frå Hegglandsdalen skule. (Arkivfoto)

Lesarbrev frå 5. klasse i Hegglandsdalen

Os og Fusaposten har fått desse flotte lesarinnlegga frå engasjerte 5. klassingar i Hegglandsdalen.

Aldersgrense

Eg synest det er stygt med aldersgrenser, fordi dei set dei alt for høgt. Nokre spel har ikkje mykje blod. Spel med høg aldersgrense har ikkje mykje blod og mi meining er at det burde vore lågare aldersgrenser.

Gut 10 år

Artikkelen held fram under annonsen.

Leksefri

Eg meiner vi burde ha leksefri fordi det bruker av fritida vår. Viss ein bruker lang tid med leksene får ein lite fritid. Lekser kan stressa deg visst du er på fotballtrening eller trampett (OSV) og du enno ikkje har gjort leksene. Leksefri kan vera lurt. Viss ein gler seg til å koma heim og gjera gøye ting, så har ein ikkje lekser som kan ta tid.

Henrik 10 år

Ikkje kast søppel på vegen

Eg synes at dei som kastar søppel på vegen IKKJE skal gjera det, fordi dyr kan døy eller bli veldig sjuke av det. Det kan samla seg masse søppel ved husa og etterpå stinkar det veldig. Og det kan koma mange rotter fordi rotter liker søppel.

Jente 11 år

Naturen

Eg synest at folk må tenkja over miljøet vårt i staden for at folk berre tenkjer: "No skal vi hogga ned heile skogen". Mi meining er at ein må undersøkja det treet som ein skal hogga ned, tenk på alle dyra som mister heimane sine, og tenk på alle fuglane som mister heimane. Det går ikkje an. Vi må ta vare på miljøet vårt.

Gut 10 år

Minecraft i skulekvardagen

Eg meiner at Minecraft kan brukast til skulearbeid. Fordi du bruker gonging og deling mens du speler og leiker. Dette er bra for hjernen. Minecraft lærer deg 1-9-gongen og du lærer å dela mykje på likt og ulikt. Derfor synest eg at vi kan bruka Minecraft til skulearbeid for å øva på gonging og deling.

Håkon 10 år

Artikkelen held fram under annonsen.

Snapchat

Eg meiner du må vera forsiktig med kven du blir ven med på Snapchat. Og så er det lurt og spørja foreldra dine om det er greitt at du snappar med andre, og før du tek bilete av andre. Du kan gjera stygge ting med bilete. Ikkje tagg dei som er på biletet. Spør om lov. Ver forsiktig med Snapchat.

Gut 10 år

Snapchat

Eg meiner at dei som bruker Snapchat berre skal chatta med vener og familie.

Dei må vera forsiktige med kven dei legg til som ven.

Dei må ikkje dela informasjon om seg sjølv, som fullt namn, alder, adresse eller telefonnummer.

Når ein skal dela eit bilete av seg sjølv, må ein ha klede på.

Ein skal ikkje leggja ut bilete av andre, utan at dei har sagt det går greit.

Eg vil seia at Snapchat er ein gøy app.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan ta mange morosame bilete med han.

Jente 11 år

Spel

Eg synest at dei vaksne bør passa betre på barna. Fordi born kan spela valdelege spel og dei blir redde, eller verre.

Dei som lagar spel som er valdelege bør laga lure spørsmål som ingen under den aldersgruppa som speler dei spela kan svara på.

Lovise Milde 11 år

Ta leikar med seg på skulen

Eg meiner at vi skal få lov til å ta med leikar på skulen. Fordi eg er oppteken med trening, og då er det travelt i heimen.

Og eg er også med kompisane mine for å byggja på hytta vår.

Gut 11 år

Artikkelen held fram under annonsen.

Mat

Nokre mattypar skulle vore gratis på grunn av at vi er avhengig av dei. Mange døyr på grunn av at dei ikkje har råd til å kjøpa maten.

Gut 11 år