Hatvikvegen: Positiv respons frå vegvesenet
Vegvesenet er positiv til kommunens mellombelse løysingar for trafikktryggleiken på Hatvikvegen, men drift og finansiering må kommunen stå for sjølv.
Utbygginga på Bjånes nærmar seg. I områdereguleringsplanen for Hatvikvegen er det lagt inn gang- og sykkelveg langs vegen. Men ved handsaminga av reguleringsplanane på Bjånes vart det gjeve opning for å byggje 200 bustadar før det vert bygd gang- og sykkelveg. Dette gjer at Os kommune meiner det er nødvendig med mellombelse tiltak for å betra situasjonen for dei som bur langs vegen. Kommunen har kome med tre forslag, og vegvesenet er i utgangspunktet positiv til desse.
For barnevogner og rullestolar
Os kommune ønskjer å etablera mellombels grusa gangsti langs Hatvikvegen frå krysset til Hegglangsdalsvegen til busslomma aust for avkøyringa frå Hatvikvegen til Bøvegen. Dette er Statens vegvesen positiv til. Føresetnaden er at tryggleiksavstanden frå stien til Hatvikvegen er stor nok, og at det vert fjerna tilstrekkeleg med vegetasjon slik at ein sikrar god nok sikt. Vegvesenet rår også til at breidda på stien vert tre meter slik at det er mogleg for barnevogner og rullestolar å bruka vegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For ordens skuld legg vi til at det er kommunen sjølv som må drifta denne turvegen, skriv vegvesenet i eit notat til kommunen.
Frårår kryssing i plan
Det andre forslaget frå kommunen omfattar enden av Bøvegen. Her har kommunen sett på to ulike løysingar. Det første er ei kryssing i plan der ein blir leia over mot eksisterande snarveg over til Midtbøvegen, mellom ein garasje og ein gamal fabrikk. Den andre løysinga er å nytta eksisterande undergang som er laga der bekken renn under Hatvikvegen. Her meiner vegvesenet det må leggjast til rette for gangsti under den eksisterande brua.
- Ei løysing med kryssing i plan er ikkje ønskjeleg av trafikktryggleiksomsyn, uttalar vegvesenet.
Krysset ved Klyva
Det tredje forslaget frå Os kommune er kryssing i plan med fotgjengarfelt over fylkesvegen ved Klyva. I dette krysset vil trafikken auka mykje som følgje av utbygginga på Bjånes. Her krev vegvesenet at det vert bygd eit kryss "slik det er regulert i områdereguleringsplan for Hatvikvegen. Løysinga som er regulert tar dei omsyna som kommunen etterspør, og sikrar god og trafikksikker avvikling av trafikken for køyrande, gåande og syklande på begge sider av Hatvikvegen".
Kommunen må ta rekninga
Ettersom det ikkje er løyvd midlar til Hatvikvegen enno, påpeikar vegvesenet at det er kommunen som må sørgja for finansiering av tiltaka. Dette gjeld også etablering og drift av mellombelse anlegg.
Hordaland fylkeskommune opplyser i den samanheng at Os kommune kan søkja om tilskot til haldeplassar og kollektivløysing i krysset ved Klyva.