Plan- og bygningsutvalet såg på Solstrandvegen-prosjektet i juni.
Plan- og bygningsutvalet såg på Solstrandvegen-prosjektet i juni.

Kronglete ja til Solstrandvegen-prosjekt

Politikarane fekk det som dei ville: Blokkene vert lågare, men fotavtrykket større.

I plan- og bygningsutvalet 9. juni vedtok politikarane - mot Frp sine røyster -å fjerna ein etasje av dei planlagte blokkene langs Solstrandvegen på Hauge. Men sjølv om dei var samrøystes i at saka skulle tilbake til PBU før endeleg handsaming i kommunestyret, hadde ikkje denne vesentlege detaljen funne vegen til vedtaket. I staden kom saka direkte til kommunestyret, og nokre litt forfjamsa politikarar måtte ta stilling til endringane i eit anna forum enn dei var vane med.

- Administrasjonen har ikkje sett noko behov i det heile tatt for å senda saka tilbake til PBU, sa kommunalsjef Aina Tjosås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho viste til at mønehøgda er som opprinneleg godkjent, og det same var plankartet.

Lågare, men breiare

Trine Lindborg (Ap), som også sit i PBU, var ikkje einig i at endringane var uvesentlege.

- Det er ikkje berre det som har med etasjetalet å gjera som er endra. Det er også gjort endringar i kor stort areal bygningane vil få, sa Lindborg.

Ho viste til at blokkene E og F, som vart nedskalert med ein etasje, no veks frå 1.022 m2 til 1.283 m2 for å kompensere for etasjetapet.

- Det er meir enn ei lita endring. Når det blir gjort vesentlege endringar, bør vel også naboane varslast på nytt og me i PBU burde fått saka til behandling att, sa Lindborg.

Gruppemøte og votering

Arbeidarpartiet fremja først formelt at saka burde sendast tilbake til PBU, men trekte det att etter at kommunalsjefen hadde sagt sitt, og opposisjonen hadde hatt gruppemøte.

- Innanfor dei vedtekne rammene, står utbyggjar fritt til å gjera endringar, sa Tjosås.

Med denne presiseringa var opposisjonen beroliga, og reguleringsplanen vart deretter samrøystes vedteken.