Ole-Reinert Berg Olsen, med artistnamnet Orbo, saman med sin store helt, programleiar David Attenborough.
Ole-Reinert Berg Olsen, med artistnamnet Orbo, saman med sin store helt, programleiar David Attenborough.

Ny låt inspirert av David Attenborough

Orbos nye singel «Sands of time» er inspirert av brevven og BBC-legende David Attenborough.

Ja, det stemmer faktisk. Ole-Reinert Berg Olsen, aka Orbo, utvekslar brev med den 90 år gamle britiske naturfilm-legenda. I september møttest dei for fyrste gong, og etter dette møtet vart låta«Sands of time» til.

- Vi snakka om overbefolkning og det låge utdanningsnivået i den fattige delen av verda, seier Ole.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dystert

Eit ikkje spesielt lystig utgangspunkt for ein låt, altså. Med lett dystopiske linjer som: "But no matter what I did, but no matter who I am, I will always be part of human crime, and run against the sands of time", er det vanskeleg å ikkje tenkja på ein stadig meir uunngåeleg klimakatastrofe.

Likevel meiner den samfunnengasjerte artisten at låta ikkje er fullt så dyster som den kan verka.

- Men det er klart at ein kanskje oppfattar teksten på ein annan måte når ein kjenner utgangspunktet og inspirasjonen for den, seier han.

Omslaget til den nye singelen "Sands of time".
Omslaget til den nye singelen "Sands of time".

- Er det fyrste gong David Attenborough har inspirert ein poplåt, trur du?

- Ha-ha, det kan faktisk godt henda. Han er vel ikkje veldig mykje brukt i musikkbransjen, ler Ole.

Då Ole og Attenborough møtte kvarandre i haust, gav osingen han nokre av sine eigne CD-ar.

- David Attenborough er mitt store førebilete, så det var ein måte å takka han på, seier han.

Sands of time er fyrste utgjevinga frå Ole sidan hausten 2014.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedprioritert

- Du er låtskrivar for andre artistar, produsent og Osfest-sjef. Har din eigen artistkarriere vorte nedprioritert?

- Nei, eigentleg ikkje. Men eg har trappa litt ned på reisinga, i alle fall til USA, no medan borna er små, seier tobarns-pappaen som lovar at han har meir musikk på veg.

- Eg har spelt inn ein låt med irske Grainne Duffy som vert neste låt ut. Og i løpet av 2016 kjem den nye plata, seier musikaren som i skrivande stund er på farten i Hardanger og Voss for Rikskonsertane.

- Sidan eg er på reisefot, har eg ikkje fått sjekka kva respons låta har fått, men ein del har det i alle fall blitt, seier han.